Det første Joleik fant om Havn er i 1740. Nils Olavson var i sak mot folk i Batalden og kona til Nils vart dømd for munnbruk mot Olav Markvardson Sandvik.

1765 finn vi namnet som vart brukt på gardsbruket: «på den Plads Havnen eller Hoflandsberget kaldet»

I 1793 vart jenta Helina Hallvardotter Hovland funna død i sjøen ved Vikarimma, og Lars Larsson Hovland var mistenkt for å ha tatt livet av henne. Mor til Helina vitna at Helina var gravid, men Lars ville ikkje gifte seg med henne.
I desember kom han til foreldra hennar og bad om skyss sør om fjorden, han skulde ei ærend i Høydalen. Det vart ho Helina som førde, og han gjekk op i Ramsvikja., Han rettleidde henne om den beste leida å ro i austanvinden. Det nest som hende var at robåten vart funnen rekande med broten keip og veka etter vart liket av Helina funne drivande under Rimma. Lars Larsson (stjupson til Gunnar Danjelson Hovland) laut svare på mange spørsmål, men det var ikkje bevis mot han og han vart slept laus frå lensmannsarresten.

Matrikkelen 1838

54 matrikkel

Gards/Bruksnummer ca 1900

54 Gnr

Kart
54 Havn

Flyfoto 54/1 "Ut i Hamna" 1970 (Fylkesatlas.no)
54 Hovlandshavn

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd