Eikefjord Idrettslag skipa i 1938. Reidar Høyseth har fått tak i korrespondanse med krinsen der laget vart oppmoda om å melde seg inn. Han hadde også aktivitetstall som viste at det var aktivitet i laget etter krigen.

I 1944 var vegen frå Florø til Eikefjord ferdig, og våren 1945 kunne ein køyra mellom Florø og Førde på RV585. Endeleg ferdiggjering og offisiell opning skjedde først i 1952.

15. juli 1944 starta Firda Billag rutekøyring mellom Florø-Eikefjord. 22. juli 1945 starta den første bilruta mellom Florø og Førde.

Bussen gjekk frå Florø kl 9.00 om morgonen og var i Førde kl 12.30.

Første skulen i Eikefjord vart bygt i sentrum i 1863. Det vart bygt ny skule på same plassen i 1902..

Sommaren 1892 blei den siste bjørnen skoten i Eikefjord - nærmare bestemt i Bjønnaskora på vestsida av Endestadnipa

Viste du at Eikefjord Idrettslag blei stifta i 1967. Friidrettsgruppa og ski/o-gruppa var med frå starten. I 1971 kom fotballgruppa med og er no den største gruppa i idrettslaget.

Viste du at Eikefjord var eigen kommune frå 1923 til 1964

Opphavsverna © 2021 Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling:
Inova Light Ltd