Det fins mange bilder frå sentrum av Eikefjord frå eldre tider. Her er nokre av dei presentert. Å fastsette årstal på bilda er vanskeleg, men bygg rundt i sentrum kan gi ein peikepinn.

SFFf- 033

Bilde frå N.M.Horne sitt arkiv. I kyrkjeboka er bildet sett i samanheng med ei samling i 1913.
Eikefjord sentrum sett frå kirka. Ut frå gamleskulen er bildet tatt etter 1902. Henrik Svarthumle starta butikk i 1901 og tilsette dreng i 1904. På bilde er ikkje butikken til Svarthumle med. Eg vil tur at han hadde bygt butikken når han tilsette dreng i 1904. Eg vil dermed tru at bildet er frå 1902-1904.

Vi kan sjå vegen frå Øvrebøen komme med til sentrum ovanfor Foreninga. Huset nedanfor foreninga er det huset Ola Eikefjord utvida og brukte til landhandel. Ellers består sentrum for det meste av naust. Bak Foreininga kan vi skimt det gamle huset i Salmontunet. Vi kan også så vidt skimte landgangen til sjøbua i Foreninga.

Eikefjord_postkort.jpg

Postkort frå Eikefjord. På dette bildet er landhandelen til Svarthumle med, han har også fått opp sjøbod.

 Eikefjord frå Indrebøen

Dette bildet ser ut til å være tatt samtidig som det over. Vi ser at gravplassen er tatt i bruk, men det er ikkje så mange graver der enda. 
Vil tru bilda er frå rundt 1905.

Eikefjord gamalt

Ut frå bygninger i sentrum er dette tatt samtidig med dei to ovanfor. Her ser vi nyehuset i Salmontunet.

Eikefjord sakrestibildet01

Bilde som heng i sakrestiet i kyrkja.

L. Langedal begynte å bygge foretning/bustadhus i 1920, så bildet er nok like etter det. Langedal har også fått sjøbod.
Utsnitt frå same bilde nedanfor.

 Eikefjord 0003

Telemark Flyselskap 16/7-52.

Vi ser her bakarbutikken før den blei bygt om. Dette skjedde i slutten av 50 åra.
Langedal har fått opp tønnefabrikken

Ove og Lilian i Eiekfjord 0002

Bilde: Ove Tonheim. (Det er han på sykkel i framgrunnen)

Eikefjord sett frå Hovland ca 1950. 
Her ser vi den gamle bua til Langedal stå nedanfor tønnefabrikken.

Bilde: Ed Gilda, USA.

Sentralskulen vart tatt i bruk 1962/63.
Olaf Havn har fått opp verkstaden. Landgangen til bua er vekke.

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd