Ludvig Langedal var 23 gammal då han vart tilsett som dreng på butikken til Henrik Svarthumle i 1905.

Her fekk han god erfaring før han etter 13 år starta eigen butikk. Først leigde han butikken til Svarthumle, men starta i 1920 bygging av eige hus ved krysset til Dalavegen.

Inngang til butikken var på den tid på sørsida.

Langedalsbutikken 
Bilde: EdGilda
 

LLangedal03Ludvig Langedal fekk handelsbrev i 1920 og meldte at han ville drive landhandel i Eikefjord med namnet L. Langedal.

Ludvig Langedal starta også med tønneprodusjon i 1920 i det huset som seinare blei bakeri.

LLangedal02

Her ser vi huset med trapp opp til bustaden på austsida mot krysset.

På bilde ser vi også sjøhuset der tønnefabrikk og seinare bakarbutikken blei etablert. Nedanfor butikken var også sjøbu med landgang.  Der vart tønnefabrikken bygt då lokala oppe ved butikken vart for liten.
LLangedal04

LLangedal06.jpg

Son til Ludvig, Dagfinn Langedal overtok først ansvaret for tønneproduksjonen. Han var også tiltenkt landhandelen, men i 1947 døde han brått.

Arnljot måtte då komme heim igjen. Han skulle starte på utdanning, men dei planane blei det ein brå slutt på. No vart han handelsmann i Eikefjord.
Etter Ludvig sin død vart butikken driven i mor til Arnljot, Sofie sitt namn fram til 1958
LLangedal05
Tidleg på 50 talet var Arnljot hos Kristoffer Bruland i Førde for å kjøpe tømmer og tønnestav. Etter handelen snakka dei saman og i løpet av denne samtalen kom det fram at Arnljot var på utkikk etter hjelp i butikken. Kristoffer meinte han kunne hjelpe for han hadde to døtrer som ville ha handelsbrev og måtte ha handelspraksis utanfor eigen butikk.

LLangedal07Kristoffer sendte ei av jentene, Solveig, til Eikefjord. Ho var svært aktiv i handball og friidrett og reiste heim at i helgane, men etter kvart vart Arnljot og Solveig par og i 1956 gifte dei seg.
Firda 19.juni 1956

LLangedal sør aust
Bilde Ed Gilda

Butikken vart etter kvart for liten og i 1958-59 vart butikken utvida og ombygd. No vart inngangen flytta til austsida mot Dalavegen og kjellar med altan vart bygt mot vest.

Det vart også lagt om til delvis sjølvbetjening der kundane kunne hente varer sjølv og sette dei på disken.

På 60-talet vart det også sett inn kjøledisk. Det var Rolf Kirkvaag som reiste rundt og reklamerte for frysedisker for Dypfrysingskontoret. Han var også i butikken for installasjon.
LLangedal inne i butikken
Solveig Langedal fremst. Bilde Ed Gilda

På 50 talet installerte Arnljot frysemaskineri i huset nedanfor butikken. Her leigde han ut fryseboksar til eikefjordingane. Maskineriet blei demontert og flytta når nyebutikken vart bygt.

L.Langedal dreiv også Esso bensinstasjon. Pumpene stod på plassen sør for butikken like ved vegen. Når butikken vart flytta var det slutt på bensinsalg, men pumpene vart brukt til sal av parafin og diesel.

 

Arnljot kjøpte tomt på den andre sida av elva for å bygge ny butikk på 285 m2, og 24 juni 1968 kunne Arnljot opne ny moderne matvarebutikk. Dette var den første sjølvbetjente matvarebutikk i Sogn og Fjordane.

Son til Arnljot, Ludvig Langedal, overtok ansvar for drifta i 1979, men det var foreldra som dreiv butikken.

I 1979 utvida dei bygget med banklokale, nytt lager og kontor. Butikken vart utvida til å omfatte det gamle lageret.

Same året flytta Sparebanken inn i dei moderne lokala i bygget.

LLangedal08 Firdaposten 29. juni 1968
LLangedal09
 Frå 1. oktober 1986 tok Max matsenter over matvarebutikken som hadde vore drifta av L. Langedal i over 60 år.
Seinare vart butikken leigd ut til ICA kjeden. Her var det forskjellige som var sjef for butikken, men i 2008 gjekk leigeperioden ut og dermed var det slutt på daglegvarer på denne butikken.
 LLangedal11

Sjølv om matvareforetningen blei leigd ut fortsette firma L. Langedal.

Først var butikken i kjellaren på våningshuset før den flytta ned i lokala som var bygt opp etter at Langedalsbua brann i 1985.

Drifta av L. Langedal blei lagt ned i begynnelsen av 2000 talet.

LLangedal12

Firdaposten 4 oktober 1986

Bjarte Liseth og Nina Liseth kjøpte bygget som stod ledig i sentrum i 2013.

Nina dreiv ei tid Inspire, klær og nips butikk
Bjarte driv Liseth Elektro med elektrobutikk

 

Kilde: Ludvig Langedal, nb.no, Firdaposten/Firda arkiv

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd