I heradstyremøte den 17. og 18. april 1894 blei det vedtatt å oppføre skulehus i Langedal krets i 1895 dersom kretsen heldt fast på sitt tilbod om bidrag til oppføring av huset. Det skulle hentast inn anbod allereie innan utgangen av året.

Kretsen var ueinige om byggeplass for Langedal skulehus. Markus Kalsvik og landhandlar A Hopen blei oppnemnt av heradstyret til å bestemme plassen. Plassen vart Kleivane, på gamlevegen mellom Storebru og Langedal.

Rapport om Kinn folkeskular skriv at det var bygt nytt skulehus i Langedal i 1895. Det var eit skulerom berekna for 24 elevar.
7 juli 1896 blei skulen godkjent i heradsstyret og restbeløpet på kr 120.- blei anvist til utbetaling.

I november 1913 bad lærar Aa om at det blei utført ein mindre reparasjon av skulehuset. Det vart løyvd inntil 120 kroner til reparasjonen av skulehuset mot at halvdelen vart refundert av Amtet. Kristoffer Langedal vart pålagt å få arbeidet utført på best mulig måte.

Abraham B. Steinhovden (1900) hadde sin første lærarpost på skulen i Langedal. Han fortalte til Olav Solheim at der var mange som hadde lang og dårleg veg til skulen i Langedal. Frå Listene var det ikkje nokon veg, det var berre en enkel skogsstig. Sameleis i frå Agledalen, dei måtte også traske på ein liten gangveg. Dei måtte gå tidleg i frå heimen for å nå fram til skolen klokka ni. Nokon av desse som er nemnde, måtte bruke tre kvarter kvar veg for å komme til skulen.

Ein bonde frå Langedalen søkte i 1937 om å få hjelp til kler og sko til to skulepliktige barn. Saka vart sendt over til fattigstyret med oppmoding om å syte for det mest nødvendige så barna ikkje måtte slutte i skulen.

I Langedal ville dei byte omn i skulehuset i 1925. Dei ville prøve å få tak i ein ny eller brukt magasinomn og selje den gamle. Omnen i Langedal ville truleg koste 200 kr og saka vart sendt til heradsstyret.

Elevane vart overført til Eikefjord Sentralskule i 1962.

Langedal plantedagPlantedag hos Anton Langedal i 1957. Bilde utlånt av Bjørg Liseth
Bak frå venstre: Rolf Endestad, Lærar Albert Leirvik, Ingebjørn Sørdal med kje, Arne Tonheim, Erling Endestad, Anne Marit Langedal, Torill Langedal, Anton Langedal
Sitjande: Liv Sørdal, Anne Rigmor Langedal, Liv Tonheim, Astrid Langedal,
Fremst: Sollaug Langedal

langedal elevarElevar på Langedal skule. Bilde utlånt av Reidun Mulehamn

 Langedal_elevar_nr.jpg  
  1. Magne Øyra
  2. Aslak Sørdal
  3. Gunvald Stegane
  4. Oddfred Tonheim
  5. Sigmund Langedal
  6. Hilda Endestad
  7. Sigrunn Endestad
 8. Helga Endestad
9. Aud Langedal
10.Reidunn Stegane,
11. Borgny Hesjedal,
12. Jofrid Langedal
13. Klara Endestad,
14. Audbjørg Sæterlid

Langedal 17maiLangedal skule mest sannsynleg 17.mai feiring tidleg på 1900 talet.
Bilde utlånt av Reidar Øren.

Skulen var det naturlege samlingspunkt for folk frå Endestad, Storebru, Langedal, Sæterlid og Agledal.

Storebru
Storebru forsamlingshusDet vart bygt forsamlingshus på Storebru som vart tatt i bruk i 1942. Det var naturleg også å bruke forsamlingshuset til skule, då skulehuset på Kleivane var for lite.

Småskulen gjekk ei tid på Storebru, Edvin Hesjedal (f. 1954) begynte i småskulen på Samlingsheimen. Klasserommet var det små rommet på vestsida i bygget. I 1962 flytta han i lag med alle dei andre elevane til Sentralskulen i Eikefjord.

Bilde: Widerøe/nb.no

Forsamlingshuset på Storebru vart også nytta til anna undervisning. Framhaldskulen var her anna kvart år. I kjellaren vart det halde snikkar-, vev- og kokekurs.

Kilde: Frå fundas i 1743 via bygdeskular og sentralskule, til ny Eikefjord skule i 2016. Odd Asle Endestad 2016.

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd