Sommaren 2005 opna samferdselsminister Torill Skogsholm parsellen Storebru-Knapstad på riksveg 5 mellom Førde og Florø. Det var den siste parsellen i eit større prosjekt:  fullgodt vegsamband med gul midtstripe mellom Florø og Førde.

Trong for utbetring

Den gamle vegen mellom Florø og Førde vart bygd i tida 1911-1945. Strekninga hadde varierande standard med mange flaskehalser og fleire utrygge parti. Sjølv etter at Naustdalstunnelen opna i 1995 og vegen over Ramsdalsheia var borte, stod det att 24 km veg av dårleg standard. I 1998 vedtok Stortinget full utbetring av riksvegen mellom Førde og Florø.

Utbetringar Førde og Naustdal

Om lag halve strekninga mellom Førde-Florø vart utbetra og ombygd frå 1960-åra. På 1960- og 70-talet vart vegen mellom Førde og Naustdal ombygd og utbetra med tre tunnelar; Kletten-tunnelen i 1969 og tunnelane på Rotenes og Hornnes i 1975. I 1995 opna Naustdalstunnelen med ny veg fram til Storebru.

Dårlegast i Flora kommune

I Flora kommune var det utbetringar og ombyggjing fleire stader på den 24 km lange strekninga frå Svarthumle til Brandsøy. Større utbetringar var tunnel gjennom Sundefjellet (1883 m) i 1985 (Frå rasfarleg veg til Sundafjellstunellen), og ny innfartsveg til Florø på nordsida av Brandsøy i 1991. Elles vart det utført ein del mindre utbetringar, men mange flaskehalsar og trafikkfarlege strekningar stod att.

Finansiering

Stortinget handsama finansieringa i ein eigen proposisjon; St.prop. 77/1997-98. Bompengeselskapet Sunnfjordtunnelen AS fekk løyve til å forskottera 120 mill. kroner som skulle investerast i perioden 1999-2001 slik at veganlegget kunne starta opp tre år før ordinær løyving over statsbudsjettet. Bompengane skulle krevjast inn i bomstasjonen ved Naustdalstunnelen for å dekke rentene av dei forskotterte midlane.

Skar gjennom

Prosjektet fekk statlege løyvingar frå 2002-2005, men med dei økonomiske planrammene som låg til grunn i Norsk vegplan 2002-2011, såg det ut som at anlegget ikkje ville få store nok årlege løyvingar til kontinuerleg drift. Det var ei viss redsle for at anleggsdrifta skulle halda på til 2010. I 2002 såg det ut som anlegget måtte stogga nokre månader av mangel på midlar til full drift. Vegdirektoratet ville ikkje gi løyve til å omdisponera 15 mill. kroner frå andre anlegg, men etter at samferdselsminister Torill Skogholm besøkte anlegget, gjekk finansieringa i orden. I det heile ordna finansieringa seg, og anleggsdrifta gjekk som normalt. Heile utbyggjinga kosta 376 mill.kr (2005-kroner.

Høglydde klager

Stort sett gjekk arbeidet med dei ulike parsellane utan vanskar, men det oppstod ein del problem og spenningsmoment. Under arbeidet med å utvida Helgøytunnelen, der trafikken gjekk heile tida, vart vegen ståande under vatn og vegdekket vart sterkt øydelagt. Store hol i vegen var svært uheldig for bilane, og klagene var høglydde. Det vanskelegaste partiet var likevel i krysset ved Grov, der riksveg 5 møter riksveg 614 til Svelgen. Her var det ein viss fare for at fjellpartiet ville rasa i fjorden under sprengingsarbeidet. Trafikken måtte då ha vorte omdirigert via Sandane og Hyen! Noregs Geologiske Institutt og Vegdirektoratet var med i prosessen, og arbeidet vart framifrå gjennomført utan skade på den eksisterande vegen.

Knapstad - Kvalvik

 Vegen gjennom Eikefjord var diskutert og planlagt i mange år. Planar blei presentert og lagt vekk, men vegen måtte ned på fjøra meinte dei fleste.

I 1988 presenterte tidlegare oppsynsmann Ola J. Endestad ein ny trasse. Gå inn frå Knapstadbakkane, bak all busetnad  og inn att på gamlevegen ved Ungdomshuset eller litt innanfor. Endestad viste at vegkontoret også jobba med, etter hans meining, ein endå betre ide. Frå Knapstad over Stien, tunell bak Hovland og inn at på på gamlevegen i Kvalvik. Dei planla også ein kort tunell bak Bakken.

Vegvesenet si plan var den som blei valgt, men rasteplassen blei flytta frå Svarthumla til Stien ovanfor Eikefjord.

 Vegen ut av sentrum
 

Vegen gjennom Eikefjord sentrum vart heftig debattert. Fleire, spesielt næringsdrivande i Eikefjord, ønskte at vegen framleis skulle gå gjennom sentrum.

Dei næringsdrivande var redde for at Eikefjord sentrum ville døy om vegen vart lagt utanfor sentrum.

 

Firdaosten 25.07.1992

 VegenEfj01
   
 

Dei næringsdrivande fortsette med sin argumentasjon om at vegen måtte gå gjennom sentrum, men var redde for at politikarane hadde bestemt seg.

Mange i Eikefjord var også for omlegging av vegen. Spesielt dei som var busett langs vegen og hadde trafikken tett innpå seg.

 

Firdaposten 21.02.1995

 

 VegenEfj03
 

6. februar 2001 overleverte talsmann for handelsstanden i Eikefjord, Arve Havn, 303 underskrifter imot flytting av riksvegen ut av sentrum.

 

Firdaposten 06.02.2001

 VegenEfj04
 

Statsråd Torild Skogsholm opna parsellen Knapstad – Kvalvik den 13 desember 2002.

På spørsmål frå eikefjord.net meinte Gudrun Hovland (86) at ho skulle klare å venne seg til at bråket frå alle lastbilane var slutt på, no dei ikkje måtte køyre forbi  på Hovland. 

 

 

Firdaposten 14.12.2002

 VegenEfj05

 

Eikefjord sentrum

 

 Flora kommune og Statens vegvesen innviterte til informasjonsmøte på Allhuset for utvikling av Eikefjord.

 

Firdaposten 07.12.1994

 VegenEfj02

20080816-250-eikefjord-074.jpg

Vegvesenet og Flora kommune gjekk inn med 7-8 mill. kroner for å rusta opp sentrum etter at gjennomgangstrafikken vart lagt utanom. Her vart det gangveg, fortau, parkering og torg.

 

Vegopning

20050706-150-opningSamferdsleminister Torild Skogsholm stod for den offisielle opninga av nyvegen mellom Svarthumle-Mekevika, 6. juli 2005. Det var ikkje første gongen at statsråden besøkte veganlegget. Ein iskald desemberdag i 2002 opna statsråden vegparsellen Knapstad-Kvalvik forbi Eikefjord sentrum. Sommaren etter, i august 2003, opna Skogsholm det nyopprusta Eikefjord sentrum.

 

 

Kilde : Fylkesarkivet, Firdaposten-Arkiv

Opphavsverna © 2021 Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling:
Inova Light Ltd