Omgangsskule
Sunnarvik låg frå først av under Vasset skulekrins, men frå slutten av 18-hundre talet var den nemnt som eigen skulekrets. Skulehaldet blei regulert av heradstyret.

På møte den 13 januar 1890 vart det vedtatt regulering av skulehaldet i Sunnarvik krets. Ole I Leirvåg 3 dg, Jacob A Leirvåg 2, Johan Leirvåg 3, Susanna P dt. 3, Aabsalon N 11, Arents A 12, Ole M 12, Rasmus G 9, Absalon G 6, Rasmus T 5, Jacob Andresen 3, Mads Remmen 3

I møte 4 januar 1892 blei Vasset skulekrets slått saman med Sunnarvik. Oppsittarane på Vasset søkte om behalde Vasset skulekrets, men heradstyret avslo denne søknaden 25 april 1892.

Skulehus
Sunnarvik skuleBygging av skulehuset i Sunnarvik blei tatt opp i fleire møter i skulekretsen, skulestyret og heradsstyret. Første gang i kretsmøte 27. desember 1897. Her bad dei om å få flytte det gamle skulehuset i Eikefjord, då dei ville bygge eit større skulehus.

13 november 1899 behandla heradsstyret skriv frå Sunnarvik krets om staden for oppføring av skulehus i Sunnarvik. Det blei vedtatt at ordførar Knut Osen, lærar K. Hjertenes og Andreas Hopen skulle gje forslag om den mest passande staden for Sunnarvik skule.

Den 6. juni 1900 hadde skulekretsen oppe spørsmål om dei ville overta Eikefjord gamle skulehus for å setje det opp igjen i Sunnarvik i sin gamle form.
Vedtaket lyder:
Sunnarvik overtar det gamle skulehuset i Eikefjord, men rotna, og under transport skada materiale, må skiftast ut. Det byggast på 2 omfar slik at bygget blir høgt nok til å henge opp kart, høgda var 2,35m. Det måtte settast inn hanebjelkar og kle på desse og under sperr. Vindauge og dører måtte bytast då desse var rotne og slitne.

I kretsmøte 3. juli 1901 blei det vedtatt at alt arbeidet som skulle utførast med skulehuset, skulle vere naturalarbeid. Alle som hadde hest skulle bruke denne utan fråtrekk i arbeidstid. Pliktarbeidet var køyring av det gamle skulehuset i Eikefjord til tomta i Sunnarvik, køyring av stein og bygging av grunnmur under skulehuset.

Kjøpekontrakt for tomt hos Arent A. Sunnhordvik og Ole Nilsen Sundhordvik blei godkjent 29. september 1901. Leikeplassen hos Arent A. Sunnhordvik og sjølve skulehuset på åker til Ole Nilsen Sundhordvik.
I kjøpekontrakta står det at Arent A. Sunnhordvik skulle få kr 100,- for leikeplassen og Ole Nilsen Sundhordvik kr 20,- for skulehustomta.

Den 17. januar 1902 imøtekom Kinn skulestyre søknaden om å bygge på 2 omfar på skulehuset. Heradsstyret godkjente skulestyret sitt vedtak 4 februar, men med krav om at huset blei oppført i løpet av førstkommande sommar.

Skulestyret hadde oppe skulesaka to gonger dette året. Den 5. februar vedtok skulestyret at all transport av materialar til byggeplassen måtte krinsen overta, og den andre oktober vedtok skulestyret at grunnmuren måtte byggast den hausten på Kleivehaugen.

I november 1902 rådde skulestyret til at grunnmuren blei gjort ferdig den hausten, og at huset vart bygt på Kleiven. Heradsstyret gjekk med på at grunnmuren til skulehuset skulle byggjast på Kleiven i Sunnarvik på vilkår av at kretsen sine oppsitjarar skaffa fri tomt og leikeplass. Vidare oppføring av grunnmuren, opparbeiding av leikeplass og bringe det gamle Eikefjord skulehus til nemnte tomt i Sunnarvik. Dei måtte også transportere dei resterande material som skulle til byggeplassen. Alle ovanfor nemnte utgifter skulle vere kommunen uvedkommande.

Skulestyret tok 24. september 1903 ut 50 kroner av skulekassen og sette 30 kroner inn på Kinn Sparebank. Pengane skulle brukast til nødvendige utgifter i Sunnarvik skulekrets under oppføring av skulehuset.
Frå regnskapet kan vi lese at Daniel Knapstad var entreprenør, Anders Vasseth og Andrias O. Sunnarvik skaut ut tomta, Anders K Trettevik malte loftet og Lars N. Sunnhordvik fekk betaling for reingjering av skulehuset 14. sept 1904.

Ny kontrakt på tomta blei skriven 6. november 1903 med eigar Andrias O. Sunnarvik og brukar Ole Nilsen av garden Sundhordvik, gard 65/12 i Kinn i Vevring tinglag. Kontrakta syner plassering og størrelse på tomta. For 2600 kvadrat alen blei det utbetalt 80 kroner. Om skulen skulle bli frå flytta og ikkje brukast lengre skulle jordstykket falle tilbake til garden.

Ved tinglesing blei skyld og innføringar i panteboka for garden lese opp. Andrias O. Sunnarvik fekk utbetalt kr 80 av Kinn skulekasse.

I skulekretsmøte den andre januar 1904 blei Lars Nilsen Sundhordvik valt til å sørge for reinhold og oppvarming av skulehuset. Han fekk 17 kr for året.

I januar 1921 hadde dei problem å få tak i vatn på rimeleg måte i Sunnarvik skulekrets. Brønnen som dei hadde brukt vart reven. Følga var at vatn til skulen sitt bruk måtte hentast 200 meter frå skulehuset. Dette var uforsvarleg i fleire høve. Kinn brannassuranselag sin mann i krinsen, gjorde motmæle til disse forhold. Ved brann vil det vere for langt til vatn. Ingen vil heller ta på seg reinhold av huset. I krinsmøte i desember blei forholda diskutert, men det var uråd å komme til ei ordning. Skulekretsen bad derfor skulestyret ta seg av saka og ordne forholdet snarast råd.

Astrid Stegane (Svardal) fekk 31. mai 1931 løyve til å innreie loftet over skulestova i Sunnarvik til bustad. Utgiftene måtte berast av søkar.

21 mai 1934 blei det vedtatt å kjøpe og legge nytt golv i Eikefjord og Sunnarvik skuler.

I 1940 blei det søkt om midlar til bygging av uthus og WC ved Sunnarvik skule. Dette vart samrøystes vedteke å take opp på budsjett for 1940/41 med eit kostnadsoverslag på kr 705,24.

Skulestyret leigde Anskar Hovland til å få bygt uthus ved Sunnarvik skule i 1942. Om han ikkje kunne gå for kostnadsoverslaget som var gjort måtte han seie frå om det.

Elevane flytta til Eikefjord Sentralskule ved skulestart hausten 1962.

Reidar Høyseth gjekk på denne skulen, i friminutta leika dei mest Munk i hans tid. Dette var eit spel der ein brukte trekjeppar.
Aslak Osa var i siste kull som avslutta 7 års skulegang i skulehuset i Sunnarvik. Den vanlegaste aktiviteten i friminutta var hans var kanonball.

Då det var slutt på skule i Sunnarvik skulle tomten tilbakeførast til garden etter avtale i skøyte. Flora Kommune var ikkje einig i dette og oppsitjar måtte gå til rettssak for å vinne fram. Kommunen tapte på alle punkt.
Skulehuset i Sunnarvik vart rive og sett opp igjen lengre oppe i bygda. Det står no i krysset til Vassetehola og vart nytta til grendahus for Sunnarvik krets.

Kilde: Frå fundas i 1743 via bygdeskular og sentralskule, til ny Eikefjord skule i 2016. Odd Asle Endestad 2016.

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd