Omgangsskule

Som nemnt i artikkelen "Skuleverket i gamal tid" er det dokumentert skule i Eikefjord i 1828.
26 elevar var skrivne inn i protokollen, som for eksempel Mads SimonEikefjord skuleprotokoll Egefjord som var 10 år og oppført som tenar. Karakterane i protokollen er lesing, utanåt katekisma og forklaringane. Det var høgst forskjellig kor mange dagar elevane møtte på skulen. Dei flittigaste møtte 22 dagar dette semesteret og den som møtte færrast var berre 11 dagar på skulen.

Eikefjord gamle skular
Eikefjord har hatt fleire skulehus. Det første bygt i 1863. Det andre overtatt i 1902 og var skulehus fram til Eikefjord sentralskule tok over i 1962. Sentralskulen var i bruk fram til 2016 då det fjerde skulehuset i sentrum vart tatt i bruk.


Det eldste skulehuset
I 1863 tok Kinn herad opp lån for å betale for oppføringa av skulane på Reksta, i Eikefjord og Frøyen. Skulehusa skulle assurerast i brannkassen, blei malt med Oker (rødt) og murane blei kalkslått. Skulehuset i Eikefjord hadde eit klasserom med plass til mellom 24 og 28 elevar. O R Kvalvik skaffa inventar til skulen og fekk betalt for dette i 1865.


I 1871 utførte Johan Langedal nødvendig reparasjon ved skulehuset i Eikefjord og to år seinare vart skulehuset malt med «blyhvit».
I 1895 sender Ole M Eikefjord rekning for leikeplass til barna i Eikefjord krets, men heradstyret meinte utgiftene skulle ordnast av kretsen sine oppsittarar slik som ved dei andre leikeplassane innan kommunen. Seinare får Ole M Eikefjord 10 kroner året for leige av leikeplassen.

Skulehuset som var bygt i 1863 vart brukt fram til eit nytt skulehus stod ferdig på same tomten i 1902. Det gamle skulehuset vart rive og bygt opp igjen som skulehus i Sunnarvik.

Eldste skulen
Eikefjord skule frå 1863. Manipulert bilde


Den nye gamleskulen
Nye gamleskulenRapport om Kinn folkeskular skreiv at det vart bygt nytt skulehus i Eikefjord i 1900. Det var eit skulerom berekna for 40 elevar.
17 september 1901 valde Kinn herad Oliver Kvalvik og Kristoffer Dale til å overta Eikefjord skulehus frå entreprenør Daniel M. Knapstad som meldte det klart for levering. Dale og Kalsvik meldte at huset var i stand etter kontrakta og skulehuset vart overtatt 7. februar 1902.

Daniel M Knapstad søkte om eit tillegg på kr 521,86 for arbeidet med skulen. I skulestyremøte den 12/6-1902 blei det foreslått å innvilge dette dersom amtstinget gav halvdelen. I møte 7 november 1902 ville heradstyret ikkje godta skulestyret sitt forslag på kr 521,86, men derimot kr 200.- med forutsetning av at Amtet innvilga halvdelen av dei nemnte kr. 200.-.

Eikefjord krets søkte om å få sette opp gjerde kring leikeplassen ved Eikefjord skule då skulen var ny. På skulestyremøte vedtok dei at krinsen skulle ordne dette utan utgift for heradet. Heradsstyret godkjende dette, men ville at kretsen også tok vedlikehaldet.

Det var ikkje vedhus ved Eikefjord skule før i 1934. Kostnaden vart rekna til kr 277,52 og heradsstyret gjekk ut frå at ein fekk det vanlege fylkestilskotet.
Same året blei det vedtatt å legge nytt golv i skulen.

Heradsstyret vedtok i 1935 at dei 80 kr som stod att av dagsverkstilskota kunne brukast til opparbeiding av leikeplassen ved Eikefjord skule. Leikeplassen vart bygt ovanfor skulehuset og blei flittig brukt fram til ny bane vart bygt ved sentralskulen.

Hella Sæterlid (f. Endestad) hugsar godt skuledagane. Ho hadde Liv Aalen som lærarinne dei første åra. Ho var streng og hadde god orden i klassen. Seinare hadde ho Storøyen og hugsar at han var spesielt fokusert på kristendom og rekning.
I friminutta var dei på skuleplassen ovanfor skulen og aktiviteten var ofte Dirking, eit spel med ein kort og ein lang kjepp og to steinar. I langfriminuttet gjekk mange heim og åt middag. Også dei som budde på Knapstad, som ho, og dei som budde på Hovland.

Jan Magne Endestad var ein av dei siste som begynte på gamleskulen. Han husker godt ein episode der dei eldre gutane spelte fotball på leikeplassen. Andur Hovland skaut på mål og trefte kontant. Mål trefte han, men også vindaugsruta til småskulen, så ballen hamna inne i klasserommet.
Jan Magne gjekk vel eit halvt år på gamleskulen før klassen flytta over til sentralskulen tidleg i 1962.


skulebilde 1910
Elevar ved Eikefjord Skule rundt 1910. Bildeutlånt av Audun Hovland

skulebilde 1910 personer

 
  1. Abraham Storøy
  2. Oliva Dale Hovland
  3. Salmon Hovland
  4. Augusta Hovland
  5. Anders Øvrebø
  6. Sigvald Indrebø
  7. Johanne Knapstad (på Leite)
 
  1. Kaia Hovland

9.    Rikka Hardbakk

10. Laurents Kvalvik

11. Laura Hovland

12. Albert Eimhjellen

13. Anna Hardbakk

14. Olaf Kvalvik

15. Olga Hovland

16. Gunda Hovland

17. Sigurd Hovland

18. Matilde Eikefjord

19. Trygve ?

20. Marthe Kvalvik

21. Olga Knapstad

22. Johanne Knapstad

23. Astrid Kvalvik

24. Hjalmar Eikefjord

25. Oliva Eikefjord Refsøy

26. Jens Hovland

27. Betsy Hamn

28. Alfred Hovland

29. Bergljot Lien

30. Lars Eikefjord

 

31. Annie Agledal

32. Olai Øvrebø

33. Ludvik Agledal

34. Eva Agledal

35. Anders Hovland

36. Erik Havn

37. Nelly Knapstad

38. Salmon Eikefjord

39. Jorunn Knapstad

40. Salmon Hamn

41. Alfhild Hovland

skulebilde 1930
Nedanfor skulen ca 1930. Bildet utlånt frå Eldrebustadane

17 mai feiring i 1949 eller 50. Alle følger spent med på tala for dagen.

17 mai gamleskulen
Bilde utlånt av Reidar Øren


Utviding av skulehuset
På eit heradstyremøte i 1939 kom det fram at ein var begynt å diskutere utviding av skulehuset. Det var også diskutert samanslåing av skulekretsar, men dette gjekk ikkje gjennom i første omgang. Grunnen til diskusjonen om samanslåing av skulekretsane er sjølvsagt den nye vegen, som var under bygging og delvis ferdig, mellom Florø og Førde.
På møtet blei det vedtatt at ombygging av Eikefjord skulehus måtte ha høgste prioritet då eit av klasseromma ikkje var lovleg. Skulestyreformann Ola Hovland, lærar Sagehaug og Anskar Hovland vart valt til å komme med teikningar og overslag til utviding av skulehuset.

  1. juni 1939 melde fylkesskulestyret at vassleidning, brønn og utbetring av klasserom ved Eikefjord skule ikkje kom inn på budsjettet for det året. Klasserommet måtte likevel settast i stand til skulestart. Skulestyret vedtok at ein skulle utvide eine klasserommet ved å ta vekk veggen mot kjøkkenet og sette inn nytt glas. Dette blei ikkje utført.

I 1940 blir det vedtatt at skulen ikkje skulle flyttast og ein skulle byggje om skulehuset etter teikningar av Anskar Hovland med byggjesummen på kr 22 500,-. I tillegg til planane ville skulestyret ha skulekjøkken i kjellaren.
Eit av klasseromma var på langt nær lovleg så ombygging måtte være det første som blei sett i gang. Det skulle også leggast vassleidning og byggast brønn på Martin O Eikefjord sin eigedom ”Smiemyra”.

Det blei arbeida med planar om å flytte Eikefjord skulehus til ein meir ideell stad. Skulestyret gjorde framlegg om at det blei løyvt 6000.- kroner til kjøp og opparbeiding av skulehustomt og leikeplass til Eikefjord skule. Lova kravde at leikeplassen skulle være 40x70m.

I 1943 blei det vedtatt i heradstyret at ein måtte sikre seg tomt til skule og leikeplass. Vidare gjennom krigsåra vart det forhandla fleire gonger med A. Edv. Hopen og Kristofa Hopen om kjøp av tomt, og kjøp blei vedtatt fleire gonger med forskjellige storleik på tomtane. Det vart tydelegvis ikkje noko av dette kjøpet.

Det gamle skulehuset blei brukt til skule fram til 1962. Deretter blei bygget brukt som forsamlingshus for bygda og det var også barnehage der fram til barnehagen ved Sørelva vart tatt i bruk.
Seinare vart skulehuset selt og bygt om til privatbustad.

«Aftenskule»
Lærar Lote søkte om bidrag til «aftenskule» i 1902. Skulestyret vedtok i møte den 2/10 1902 at skulen skulle haldast på dagtid og måtte vere på minst 60 timer. Vidare rådde skulestyret til at heradstyret gav kr 9.00 då amtet i tilfelle ville gje kr 27,00. Heradstyret godkjente skulestyret sitt forslag.

1 november 1906 vedtok heradstyret at det skulle startast «aftenskule» i Eikefjord med eit budsjett på 9 kroner.

Protokollane har ikkje fleire opplysningar om stad og omfang av dette skuletilbodet.

Snikkarskule
Kraaskap Ola J EndestadAlt i 1913 oppmoda fleire innbyggjarar frå bygda om å få i gang ein trearbeidsskule saman med herada Bru og Kinn. Ordføraren fekk pålegg om å vende seg til ordførarane i Kinn og Bru og få saka utgreidd og skulen i gang snarast råd

I 1925 var det snikkarskule i Eikefjord med lærar A. C. Vasbotn. Kasserer var Abr. Hovland, men han emigrerte til Amerika. Ragnv. Emhjellen vart samstemt valt til ny kasserar.

I 1936 ville skulestyret at rommet i skulehuskjellaren vart utvida og ordna slik at det vert fullt tenleg til bruk for arbeidsskule. Heradsstyret godtok dette, men ville ikkje skrive frå seg retten til å disponere over kjellaren.

Det vart halde 24 vekers snikkarkurs i skulenhuskjellaren under krigen og vidare utover. Lærar Sagehaug reiste rundt i Sunnfjord og heldt kurs. Møbler som elevane laga, finn du igjen i mange heimar i Eikefjord.

Hausten 1950 starta framhaldsskulen i skulehuskjellaren på Tonheim.
Dei hadde den teoretiske undervisninga på Tonheim medan sløydundervisninga var i Samlingsheimen på Storebru.

Kilde: Frå fundas i 1743 via bygdeskular og sentralskule, til ny Eikefjord skule i 2016. Odd Asle Endestad 2016.

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd