Skulehus
Barlindbotn skule14 september 1911 kom nytt skulehus i Barlindbotn inn på budsjettet med kr 750.-.
Det var strid kor ein skulle byggje skulehuset. Dei utanfor elva (frå Jagedalsvatnet mot Kalsvik) ville ha skulen på Rabben ovanfor Kjørslevik eller aller helst enda lenger ut mot Kalsvikane. Lærar Karl P Hjertenes ville ha skulen lengre inne og hans vilje vant fram i heradsstyret. Han gav også fri grunn til skulehuset.

17 januar 1912 fekk heradsstyret skriv frå skulestyret som hadde bestemt at tomten for skulehuset i Barlindbotnen krets skulle vere på K P Hjertenes innmark og ca 100 meter nord for våningshuset hans. Heradsstyret godkjende dette samrøystes. Vidare vart det bestemt at stein til grunnmur måtte transporterast til tomta innan midten av mai. Oppføring av gjerde og leikeplass vart også pålagt kretsen.
Som byggekomité vart valt: Lars Helle, I. Bjørseth, P. Hjertenes. Vara: Anders Hopen.

27 mars 1914 vart anbod på bygging av Barlindbotn skulehus behandla og anbodet til Gjertsen på kr 3190 godkjent med krav om at huset var komme under tak til 30. juli same året og fullt ferdig til 1. september. Gjertsen var ein sagbruk- og trelast-handlar frå Salbu i Hyllestad.

I april får Gjertsen godkjent mindre forandringar på skulehuset, blant anna at dørene skulle gå ut i staden for inn som på teikningane.

2 februar 1915 rapporterte komiteen for skulehuset ( A. V. Hopen og Gustav Høyvik) om ein del manglar ved nemnte skulehus. Hopen og Høyvik fekk myndigheit til å avvikle forholdet med herr Gjertsen & Co, om tvist skulle oppstå.

Skulehuset vart teke i bruk i 1916.

Sommaren 1919 bad Barlindbotn skulekrets om at skulehuset blei reparert. Ludvig Kalsvik fekk oppdraget med å få ordna forholda på hensiktsmessig måte.

I 1943 blei det rapportert at leikeplassen ved skulen var i svært dårleg forfatning. Den var alt for liten og så grussliten at kvasse steinar stakk opp dei fleste stadar. Det vart kravt at det minste som måtte gjerast var å gruse plassen til neste skulestart.

Frå 1953 og fram til 1956 var det arbeid på uthus ved Barlindbotn skule. Totalrekninga kom på 6880,55 kroner, der fylket skulle dekke 2/3 delar. Blant rekningane finn ein rekning frå Erik Havn Trevarefabrikk på 7 vindauge til kr 225.-. Sigmund Redal sende rekning på utført arbeid med kr 3,00 pr time.

I 1955 vart lysnettet på sørsida av Barlindbotn utbygd, og Eikefjord skulestyre tinga kraft til Barlindbotn skule. Skulestyret ville ikkje tinge ei fast mengd kraft, men ville betale for den bruken dei hadde. Det var ikkje aktuelt å tinge kraft til oppvarming skulehuset med elektrisitet. Dei ville fortsatt varme det opp med ved, og behovet var fem til seks mål i året.

I 1961 tok Eikefjord skulestyre i mot skriv frå ein av oppsitjarane i Barlindbotn angåande festane som vart haldne på skulen. Det hadde i mange år vore hugnadsame festar, men i dei siste åra kom det ein fast gjeng og øydela . Dei var synleg rusa, men ingen våga tale til dei for framferda for det var handfaste karar.
Han bad så skulestyret sende foreiningane eit skriv om reglane for bruk av skulehuset måtte følgjast.

Matias Kalsvik huska godt den gamle skulen, og spesielt den respekten dei hadde for lærarane. Var ein elev uheldig og mista ned ei linjal eller noko anna frå pulten small handa til læraren i kateteret og – STILLE – ljoma ut i skulestova. Det var disiplin i skulestova, men ein god disiplin.
Dei tre første åra i småskulen var A B Steinhovden læraren til Matias. Steinhovden vart også kjend som ein god kommunepolitikar og som lærar på Bjørnset.


Dei to første åra i storskulen hadde han Olava Joleik som lærarinne og dei to siste åra var det den nyutdanna Sverre Jagedal som var lærar. Matias syntes alle lærarane var flinke .

Grete Einebærholm begynte i skulen som 6-åring på skulen i Barlindbotn i 1959. I 1960 vart elevane flytta over til skulen på Tonheim på grunn av for få elevar. Dei vart frakta dit med båt. I 1962 flytta elevane vidare til sentralskulen i Eikefjord. Dette var før vegen frå Sunnarvik og utover mot Barlindbotn var bygd, så elevane vart fortsatt frakta med båt til og frå skulen. Lars Kalsvik hadde denne skyssen med den vesle båten Viking.

Om vinteren låg det ofte is i Barlindbotn. Viking var ein trebåt og kunne ikkje gå i is så foreldra måtte følge elevane rundt bukta ofte helt i Kalsvikane for å finne isfri sjø. Ein vinter budde Grete og Dag Einebærholm hos Anna og Bjarne Eikefjord.
Enkelte dagar, med sterk vind og store bølger på Eikefjorden, blei ruta innstilt. Var elevane på skulen når uveret byrja, måtte dei overnatte i sentrum. Grete og Dag Einebærholm overnatta ofte i heimen til Ola og Oline Endestad, der dei hadde venner på same alder. Dei tykte dette var kjekt då dei fekk treffe venner også etter skulen.

I 1969 fekk Barlindbotn vegutløysing og dermed skuleskyss landevegen.

Skulehuset blei brukt som grendahus, men etter kvart vart det mindre behov og huset forfall. Bygda bestemte at hus og tomt skulle gjevast tilbake til den garden som hadde gitt fri grunn og dermed er det Mari Lise Mjølkeråen som eig det gamle skulehuset.

Kilde: Frå fundas i 1743 via bygdeskular og sentralskule, til ny Eikefjord skule i 2016. Odd Asle Endestad 2016.

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd