Barlindbotn ligg i botnen av ein liten fjordarm, Botnavika, lengst inne i Eikefjorden, og har fått namnet av di her veks mykje barlind. Busetnaden er konsentrert kring gardsnumera 71 Kalsvik og gardsnummer 72 Barlindbotn, men her er eit naturleg oppland som strekkjer seg til Jagedal, Ospedal og Grønevik.

Kring 1914 var det to bruk som naturleg sokna til Barlindbotn. Det hadde lenge vore klaga over at folk i distrikta hadde dårleg samband med Florø ladested. Amtsbaatane tok dette til følgje, og sette innn skip i lokaltrafikken i distriktet vårt.

I 1912 ber folket i Barlindbotn om at det blir oppretta postrute frå Høydalsfjord eller Eikefjord til Barlindbotn. Søknaden sendast tilbake med svar at ein venter på søknad om å få nytt anløp av rutegåande skip i Barlindbotn.
Folket i Barlindbotn sender ny søknad med krav om postrute til Eikefjord, noko som heradet støtta.

Hausten 1914 vart rute til Eikefjorden utvida til også å ta med Barlindbotn. «Balder» hadde første turen, og av rutehefte ser vi at han måndag den 6. april klokka 11.00 la ut frå Florø, var i Livresund 12.30, Eikefjorden klokka 13.30 og i Barlindbotn klokka 14.00. Her vart dampen møtt med salutt og feststemte bygdefolk. Like etter sette Fylkesbaatane inn den nybygde MS «Florøy» på ruta til Barlindbotn. Sjølvsagt vart også han møtt med salutt og hurrarop.

I samband med Barlindbotn-Ludvig Kalsvik-150båtruta var det naturleg å opprette poststad. I første omgang vart det eit brevhus, og Ludvik M. Kalsvik vart brevhusbestyrar. Like før hadde han fått kontrakt som dampskipsekspeditør. Han var ein velsett mann, og det var naturleg at han fekk stillinga. Han hadde ein tønneverkstad, og leverte til mange som dreiv med sild. Han hadde også islager, og kunne fryse ned sild i kassar. Posten hadde han i eit rom på verkstaden.

Det synte seg fort at postmengda over Barlindbotn var så stor at eit brevhus ikkje var godt nok.

I 1920 sendte Ludvig Kalsvik, med støtte frå oppsittarane i Barlindbotn, søknad om å få opprette postopneri der. Heradstyret fann søknaden fullt berettiga – anbefalte den og tilrådde hr. Ludvig Kalsvik som postopnar.

Den 01.10.1929 gjekk det difor over til postopneri, og Ludvig vart sjølvsagt styrar av postopneriet. Denne stillinga hadde han i nær 40 år, utan at det kom klager på arbeidet hans.

Posten var gjennom mange år i eit lite rom i tønneverkstaden i Sagvika. Her var det båten blei borda, for dei hadde ikkje kai. Tung sjø var dei ikkje plaga med her inne, men vinterstid kunne isen vere eit alvorleg problem. Spesielt var eit par av vintrane under siste verdenskrigen tunge. Då måtte båten bryte seg så langt inn som han klarte, og posten måtte hentast frå råka. «Florøy» eller «Kvamsøy» hadde denne ruta, av di dei var gode isbrytarar.

I 1942 låg isen tjukk langt ut forbi Kalsvika, og klokka halv åtte ein måneskinsklår søndagsmorgon var Ludvig Kalsvik ute på isen for å ta imot posten. «Kvamsøy» med kaptein Vevling på brua kom sigande innetter, og ser Kalsvik stå der som skulle det vere på spegelblank sjø.

«Du må ikke komme lenger,» ropte Vevling, «du går jo på vannet!» «Ja, går eg på vatnet, så kan vel du kome bort til meg då!» ropte Kalsvik tilbake.

Vevling sette fart på båten, og rende seg så hardt opp på iskanten at det skrall både i is og båt.

Etter litt ropte kapteine: «Det blir visst du som må komme til oss!»

I 45 år var Ludvig Kalsvik ein trugen tenar for posten. Den første tida hadde han ei godtgjersle på 10 øre for kvar postsekk, seinare fekk han ei løn på kr. 100.- for året. Denne vart etter kvart regulert, men stod sjølvsagt ikkje i høve til alt arbeidet som følgde med.

Det var mykje Barlindbotn-poatbu-250ekstraarbeid med bording av båten, og Kalsvik fekk i 1947 bygt ei lita kai for eiga rekning. Noko seinare fekk han opp ei bu på kaia, og her vart det innreia nytt postkontor. Den raudmåla bua står der framleis og lyser i dei naturvakre omgjevnadane. I tillegg til brevposten fekk folket i Barlindbotn mykje aviser og blad. Det var helst Amtstidende og «Gula Tidend», og misjonsblad som «Norsk Misjonstidende», «Utsyn» og «Samenes Venn».

Etter krigen auka sendingane frå offentlege kontor sterkt og det same var tilfelle med rekommanderte sendingar og verdipost. I 1959 vart Ludvik sjuk og døydde den 10.03. Barlindbotn-Mathias Kalsvik-150Sonen Mathias tok over, og vart fast tilsett den 01.11. I tida imellom hadde han stillinga mellombels. Han hadde god røynsle med postarbeid, for han hadde gått inn for faren når han var bortreist eller tok seg ein liten ferie. Han hadde handelsskulen i Florø i 1952/53, og hugsar skuletida med stor glede. Som postopnar tok han straks eit korrespondansekurs for stillinga.

Snart blei det klårt at postopneriet sine dagar i Barlingbotn gjekk mot slutten. Postmester Sunde gav melding i god tid, og Mathias svarte ar då var vel tida hans i posten over. Sunde bad han ta seg sertifikat, for det var trong for landpostbod når postopneria vart borte. Så vegen fram til Barlindbotn var ferdig og postopneriet vart nedlagt den 31.07.1970, hadde Mathias allereie hatt sertifikat eit halvt år. Såøeis gjekk han rett inn som landpostbod frå postkontoret på Hovland i Eikefjord.

«Sendingen II» hadde siste båtpostrute inn den 29. mai. Dei hadde saluttert då «Balder» og «Florøy» hadde første turane 56 år tidlegare, no var det inga feststund.

Fire-rings nemmerstempel 24 som vart nytta ved brevhuset Barlindbotn brev2-250
Datostempel av sveitsartypen som vart nytta frå 1920 til nedlegginga i 1970 Barlindbotn brev1-250

MB «Florøy» ved kai i Barlindbotn. Bildet er teke den 12.04.1964 då båten var 50 år gammal.Barlindbotn-floroy-525

Kilde og bilder: Posten i Florø - Bjarte Sindre

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd