Eikefjord var frå 1837 ein del av Kinn formannsskapsdistrikt som seinare vart heitande Kinn herred

Formannskapsdistrikt betegner ein administrativ enhet som ble innført i Norge ifølge formannskapslovene av 14. januar 1837. Ifølge § 1 skulle hvert prestegjeld på landet utgjøre et eget formannskapsdistrikt.
På denne måten ble den kirkelige inndelingen av landet også avgjørende for den verdslige, administrative. Norge fikk 373 formannskapsdistrikter i 1837.
Matrikkelloven som kom i 1853 innførte betegnelsene kommune (herred) og herad (nyn) til erstatning for formannskapsdistrikt.

Ved lov 16. mai 1860 vart Florø skilt ut fra Kinn herred og i 1866 vart Kinn herred delt i to herreder - Kinn og Bremanger. I 1923 vart Kinn igjen delt, no i tre herreder - Kinn, Bru og Eikefjord.

I følge kongeleg resulosjon av 8. august 1919 vert gardane Jagedal og Aaspedal, tidlegare Svanø sogn, overført til Eikefjord sogn frå 1. januar 1920. Desse gardane blir dermed med i Eikefjord kommune.

1435 Eikefjord

I ein periode på 41 år frå 1. januar 1923 til 1. januar 1964 var Eikefjord eigen kommune som femde områda som tilhørte Eikefjord sokn i gamle Kinn herred. Det vil sei områda kring Eikefjorden og dalføret austover mot Ramsdalsheia og Løkkebø.

Kart frå folketellinga i 1960. Tellekretsene er:

1 Ytre Eikefjord,
2 Hovland,
3 Eikefjord
4 Endestad,
5 Langedal

Eikefjord vart 1. januar 1923 skild ut frå Kinn som eigen kommune.

Ved kgl. res. av 27de juli 1922 blev det bestemt å dele Kinn herred i 3 nye herreder:
Kinn, Bru og Eikefjord samt endring av sognenavnet «Svanøy» til «Bru». Delingen
er satt ikraft fra Iste januar 1923.

kgl res 27 juli 1922

1. januar 1964 vart kommunen slegen saman med Kinn, Bru og Florø til Flora kommune.

Med heimel i mellombels lov av 21. juni 1956 om revisjon av kommuneinndelinga vert fastsett:

1. Fylgjande endringar i kommuneinndelinga i Sogn og Fjordane fylke – vedtekne ved kgl.res. av 7. desember 1962, jfr. stortingsvedtak av 27. mars 1963, vert gjennomførde frå 1. januar 1964:
a) Overføring til Askvoll heradskommune av den delen av Bru heradskommune som ligg på sørsida av Førdefjorden.
b) Samanslåing av Florø bykommune, Kinn og Eikefjord heradskommunar og resten av Bru kommune til ein kommune og overføring av Steindal krins i Vevring kommune og eigedomane Husefest og Breivik i Bremanger kommune til denne eininga. Den nye kommunen skal ha status som by.

Med unntak av nokre få private kraftverk, var heile kommunen utan elektrisk kraft til Firdakraft bygde Øksenelvane kraftstasjon i Nordfjord i 1953

I perioden frå om lag 1935 til om lag 1969 var det fleire mindre fabrikkar som dreiv med produksjon av tønner i Eikefjord.

Folketalsutvikling for tidlegare Eikefjord kommune frå 1923 til 1964:

1.1.1923 1.12.1930 3.12.1946 1.1.1951 1.1.1961 1.1.1964
929 960 1012 1068 978 919

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd