sendingen4-300Sendingen II er ein av dei mest legendariske rutebåtane i Sogn og Fjordane. Hovden Ruteselskap dreiv privat rutefart mellom Bremanger og Bergen med båten frå 1929 til 1942. På biletet stå reiar og skipper Kristoffer Hovden på bruvengen på Sendingen II tidleg på 1930-talet. Foto utlånt av Haldis Nilsen til “Båtar med sjel II”.

Få båtar som har gått i rutefart i Sogn og Fjordane har hatt ei så lang og mangslungen historie som “Sendingen II”. Kutteren var bygd som ishavsskute på Møre i 1917 med namnet “Isstjernen”. Ved nyår i 1924 forsvann åtte mann frå båten, som vart funnen drivande folketom på Romsdalskysten. Kristoffer Hovden frå Hovdevåg i Kinn kjøpte båten i 1927 og sette han i privat rute mellom Bremanger, Florø og Bergen. Under krigen tok Fylkesbaatane over ruta og leigde båten til rutefart over store delar av Sogn og Fjordane i tretti år.

“Sendingen II” heitte opphavleg “Isstjernen” og vart levert frå Vestnes Skipsbyggeri i Romsdal i januar 1917. Det var ei kravellbygd og solid ishavsskute på 58 fot med ei breidd på 18 fot og ein 55 hestekrefters Grei-motor. Kutteren var bygd for Fugleberg & Tøsse i Ålesund, som var eit av selfangstreiarlaga på Sunnmøre som hadde drive lengst. Mot slutten av første verdskrigen var det fleire båtar som deltok i selfangsten enn nokon gong – dette på grunn av vanskane med å drive anna fiske, med minefare og avsperra havområde. “Isstjernen” var ei av over 70 selfangstskuter frå Sunnmøre som drog på feltet sommaren 1918.

I privat rutefart Bremanger–Bergen

I 1925 sette eigarane inn ein ny 60 hestekrefters Finnøy-motor på “Isstjernen” og heldt fram med fiske med båten. Olav Thorseth vart eineeigar og overførte same året båten til Ålesund Kreditbank. 25. juni 1927 var det auksjon over kutteren i Ålesund. Ein kar i salen baud 12 000 kroner for båten og fekk tilslaget.

Kjøparen var Kristoffer Hovden frå Hovden – den nordlegaste av øyane i Kinn kommune. Kristoffer Hovden var ein av kystens hovdingar og pionerar i si tid. Han var fødd i 1874 i Hovdevåg, og miste både faren og ein bror på sjøen. Alt i niårsalderen måtte han gjere vaksen manns arbeid for ein gardbrukar i Botnane som var blitt sjuk. Som femtenåring starta han i fiskaryrket, og han var den første i distriktet som skaffa seg motor på båten sin. Dette var i 1906. Båten heitte “Fremad”, og motoren var ein fire hestekrefters Alpha.

I 1917 kosta Kristoffer Hovden seg ein kutter på 56 fot som fekk namnet “Sendingen”. Båten hadde ein totakts Grei-motor og lysanlegg. Lyset om bord vekte stor oppsikt under sildefisket på Nordmøre den vinteren. Men å basere seg berre på fiskeri var usikkert i åra etter første verdskrigen. I 1921 starta derfor Kristoffer Hovden ei lasterute mellom Bremanger, Florø og Bergen. Denne ruta gjekk han med “Sendingen” to gonger i veka. Då kosta det kroner 2,70 å reise til Bergen med båten.

Nyebåten som Kristoffer Hovden kjøpte i Ålesund, kom til Hovden i juli 1927. Første tida dreiv han fiske med båten. Men i 1929 bygde han “Isstjernen” om til rutebåt for last og passasjerar og gav kutteren namnet “Sendingen II”. Han sette båten inn i same ruta frå Bremanger til Bergen. Stoppestader nordover frå Florø var Hovden, Kalvåg, Novelandet, Ryland, Iglandsvik og Hauge i Bremanger. Sør før Florø stoppa båten mellom anna på Tansøya, i Askvoll, i Sauesund og på Grytøyra.

Etter nokre få ruteturar fekk Kristoffer Hovden bygd nytt overbygg på “Sendingen II”. I 1936 vart rutebåten forlengd frå 70 til 80 fot, og salongen vart påbygd. I 1940 skifta båten maskin for andre gong og fekk sett inn ein ny Finnøy-motor som ytte 168 hestekrefter.

Billettprisen til Bergen med “Sendingen II” var fem kroner for éin veg. Då fekk passasjerane kaffi og køyplass om det var ledig. Både skipper og mannskap lånte ofte ut sine eigne køyer. Lønsemda for reiaren var nok ikkje alltid like god. Var det lite last med frå Bergen på ein tur, tok han med kol i sekker og selde til handlande på stoppestadene nordover. For dette tok han 50 øre i frakt og avanse.

Eit par somrar prøvde Kristoffer Hovden seg også med ein ekstratur frå Bergen til Grotlesanden i Bremanger med badeturistar. Då gjekk “Sendingen II” frå Bergen laurdags kvelden og kom til Grotlesanden søndags morgon, med retur til Bergen søndags kvelden. Men oppslutninga om turane var veldig avhengig av vêret, og denne ruta vart ikkje nokon suksess. I 1930 gjekk “Sendingen II” ein ekstra tur til Trondheim i samband med 900-årsjubileet for Olav den Heilage og den store utstillinga i Trondheim dette året. Då hadde ein laga til køyer også i lasterommet og sett ein ruff med nedgang over luka.

Mannskapet på “Sendingen II” var det same i mange år. Kristoffer Hovden og sonen Ragnvald var skipper og styrmann. Sigmund Buarøy var maskinist og vide kjend for den flotte maskina med lysegrå måling og glinsande røyr. Anfinn Bauge var stuert, og Asbjørn Hovden og Lyder Svortevik var dekksfolk. Båtsmann var Ole Bareksten. Han skulle halde orden på lasta og passe på at last til t.d. Sauesund og Tansøy ikkje låg under last til Kalvåg og Bremanger. Ein gong kom det til konflikt mellom skipper og båtsmann, og sistnemnde vart jaga i land akterut. Men han gjekk om bord att framme … Etter ei tid vart dei to vel forlikte att.

“Sendingen II” hadde maskintelegraf frå styrehus til maskinrom. Ein gong båten skulle leggje til i Bremanger, var han som stod i styrehuset uheldig og slo forover i staden for akterover på telegrafen. Rutebåten skura kraftig fram langs sida på ei listaskøyte som låg ved sjøbua. Men skøyta klarte seg og gjekk seinare til England med flyktningar under krigen. Elles var dei flinke navigatørar på “Sendingen II”. Båten gjekk visstnok på grunn berre ein gong – det var på Langeskjera sør for Kalvåg rundt 1950.

I fart for Fylkesbaatane

I mars 1942 gjekk “Sendingen II” inn i rutefart for Fylkesbaatane. I første omgang heldt båten fram med same ruta som før. I dei første etterkrigsåra gjekk “Sendingen II” i lokalrute Florø–Svelgen–Bremanger – fram til Fylkesbaatane sin nybygde MS “Hennøy” overtok i 1957. Då var det komme veg fram til den gamle gjestgjevarstaden Smørhamn ved Frøysjøen, og båtstoppet for Bremanger vart flytta dit. Seinare gjekk “Sendingen II” i rute fleire stader i Sogn og Fjordane.

Ludvig Grytten i Florø var mannskap på båten dei siste 6 ½ åra “Sendingen II” høyrde heime i fylket, og han var maskinist om bord i fem år. I desse åra fram til 1972 gjekk båten i ordinær rute på Høydalsfjorden i Flora og seinare på Bulandet og Solund.

Seinare vart “Sendingen II” seld til utlandet. Båten fekk si endelykt påska 1983. Då var han på veg over Nordsjøen frå Skottland – visstnok med ei god last med brennevin. Litt vest av midtlinja sprang båten lekk og gjekk ned. Dei som var om bord vart alle berga av den skotske kystvakta. Slik fekk den legendariske “Isstjernen” og seinare “Sendingen II” sin siste kvilestad midt i Nordsjøen.

Kilde og bilde: “Båtar med sjel II”

 

Opphavsverna © 2021 Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling:
Inova Light Ltd