Fjordabåter på Eikefjorden

Opp gjennom tidene har det gått mange rutegåande båter på Eikefjorden. Vi fekk ikkje vegutløysing før under krigen så før det var båt det viktigaste transportmiddelet. Det vart ekspedert post med båt langt opp på 60 talet.

Har du bilder av båter, historier om båter du vil dele med andre - ta kontakt

MB Viking

Image

Bildet er frå isbryting i Kalsvika med MB Viking, eigar Lars Kalsvik. Han gjekk bygderute, skulerute og postrute frå 1964 til vegen i Barlindbotn vart opna ca. 1970.

Av og til kunne det blåse så sterkt på fjorden at Lars Kalsvik ikkje tok sjansen på å frakte folk. Skuleelevane måtte då overnatte privat for så kanskje komme seg heim neste dag.

Personane på biletet er ukjende. Er det nokon som kjenner seg att?

???

Image

Eikefjordingane var kjende som gode fiskarar – difor var dei ofte hyra som mannskap på notalag utanfrå. Her ser vi eit knippe eikefjordingar på notalaget til Nils Eikevik og Jakob Hovland, ca. 1948

Frå venstre: Jakob Ospedal, Alf Sunnarvik, ukjend, Jakob Eikevik, ukjend i styrehuset, ukjend sitjande til høgre på styrehuset, Nils Tonheim og Henrik Tonheim.

MB Blåfjell I

Image

Her er MB Blåfjell I hos Herman Sunde Trelast i Hesteneset. Dette er truleg ein gong under krigsåra 1940–45, då vi ser det norske flagget malt på skipssida. Båten var bygd i Hamnafjæra ca. 1936.

Image

Han gjekk rute på dei veglause grendene Barlindbotn, Kalsvika, Fjellvika, Sandvika, Nyttingneset, Holmesund, Osstrupen, Stavang etter at vegen Eikefjord–Florø var ferdig.

Dette var ei lang rute som starta i Eikefjord kl 06.00 og som var i Florø kr 12.00.
Retur frå Florø kl 16.00, til Eikejord kl 22.00.

Image

Her er eit av mannskapa på MB Blåfjell I.
Frå venstre: Salamon Havn (skipper), «skomakaren» Ludvik Midtbø (reiar, maskinist), Erling Havn og Gustav Kjørslevik.
Blåfjell I forliste i Ausa 8. januar 1951 og var den siste båten han bygde.

MB Tordenskjold

Image

MB Tordenskjold. Dette var ein kjend båt som gjekk til Florø kvar onsdag. Mannskapet var Peder og Bernt Rimmen. Dei var også eigarar av båten. Ein meiner at det er Bernt som er på biletet.
Båten var i drigt fram til 1954 og restane av den finn ein i dag ute under Rimmastranda. Båten var også nytta til frakt av kubb til stav i tønneproduksjonen.

MB Sundt

Image

Dette er reisandebåten MB Sundt frå Bergen. Denne kom 2 gonger i året, vår og haust.
Dei handelsreisande (med utpakning) likte seg svært godt i Eikefjord, og la difor ofte opp til å ha helgastopp her. Då vart det ofte lagt opp til at eikefjordingane kunne få seg ein søndagstur på fjorden. Vi ser Tonheimstranda i bakgrunnen.

MB Blåfjell

Image

MB Blåfjell. Denne båten var bygd av Ludvik Midbø, kalla «skomakaren». Han var døv og hadde fått utdanning som skomakar.

Han hadde ei drivande personlegheit og var ein nevenyttig mann som bygde i alt 3 båtar.

(I rekkefølgje: MB Blåbre, MB Blåfjell og MB Blåfjell I). MB Blåfjell ligg her på Florøvika ved Jakob Gotteberg sin hermetikkfabrikk, seinare Bjelland Hermetikkfabrikk. Dette er før 1940. Båten vart seld til Vevring når han fekk ferdig Blåfjell I.

Image

Her har vi ein lystig ungdomsgjeng ombord i Blåfjell. Vi har ikkje namna til alle, så om det er nokon som kan hjelpe oss med dei vi manglar, så ta kontakt. I bakgrunnen ser vi landgangen til Sørbøbua. Den står den dag i dag, men landgangen er borte.

Frå venstre kjenner vi ikkje namna til dei fire første, nr. fem frå venstre er Hedvik Eikefjord (Moe), Elna Eikefjord (Classon), ukjend, Anders Eikefjord og Hilmar Øvrebø.

MB Von III

Image

MB Von III. Denne kom inn i ruta til Blåfjell I etter at denne forliste i Ausa. Båten kjøpte Ludvik Midtbø i Ålesund.
Carl Eikefjord kjøpte båten av «skomakaren», han selde den seinare til Moss.

MB Sendingen

Image

100 års-jubileet til Fylkesbaatane 1958/59. MB Sendingen ved kommunekaia og Fylkesbaatane sin Sunnfjord på fjorden.
MB Sendingen høyrde til i Hovdevåg.

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd