Frå Kvalvik og Hovland har det frå gamalt vore fleire måtar å komme seg til Eikefjord sentrum. Frå Kvalvik kunne ein gå inn i Havna og bruke båt derifrå og inn til sentrum. Var det fjære sjø kunne ein gå inn fjæra. Frå yste Hovland kunne ein gå ned til sjøhusa og ro innover eller gå fjæra. Var det flo sjø måtte ein opp på Stien. Herfrå kunne ein nytte Kjerringestien eller Stokkestien ned til sentrum om ein ikkje følgde kjerrevegen om Øvrebøen.

I 1912 søkte Anders J Hovland på vegne av oppsittarane på Hovland om støtte på kr 300 til bygging av veg frå Hovland til Eikefjord. Søknaden blei avlått på grunn av at søknaden var for lite forberedt.

I 1916 sette heradstyret vegen Hovland - Eikefjord på fjerde plass på prioriteringslista for herradet oversendt amtet. Vegen burde byggast snarast med amts- og distrikts-bidrag.

I samband med dagsverktilskota i 1920-30 åra vart det bygt mange kjerrevegar i Eikefjord. Vegen frå Kvalvik til Eikefjord sentrum vart nok også bygt / utbetra i denne perioden. Vegen er nemnt som Hovland kretsveg i herradstyreprotokollane.

Vegtrase

Vegen starta ved nausta i Kvalvika, gjekk over opp i tunet i Kvalvik. Her gjekk den inn Kvalvikedalen nede i flata og inn til Stadion. Vidare inn ovanfor huset på Kvia.  Vegen til Eikefjord fortsette innover med va der ein kunne køyre på eit berg gjennom elva. Vaet gjenom Hovlandselva var omtrent der brua er idag.

På Kvia var det veg nedover bøen og inn i Havna på nedsida av elva. Ved stor elv måtte ein gå denne vegen og bruke brua i Havna og vidare opp Kleiva eller bruke båt inn i sentrum. Den gamle brua i Havna låg rett utanfor dagens bru. Du kan sjå murane når du står på brua.

Derfrå gjekk vegen inn nedanfor Hojin – restane av vegen kan ein sjå i bærhagen nedanfor huset. I garden mellom Hojin og Bakken nedunder bakkane var grind. Vegen fortsette inn nedanfor Bakken. Her finn ein vegen igjen nedanfor huset. Vegen gjekk inn i Smetuent og vidare inn i Innigarden og Hogane. Innanfor Hogane vart det bygt bru over inste Hovlandselva og vegen gjekk vidare innover Stien.

Også innanfor Hogane var det eit va før brua vart bygt. Vaet låg eit stykke innanfor der brua er idag.

På Rasteplassen finn ein igjen vegen på nordsida av haugen på Rasteplassen. Derfrå gjekk den inn til Reiele, grinda ovanfor Øvrebøen. Vidare ned på Øvrebøen og ned til Eikefjord sentrum omtrent i same trase som idag.

Sjøvegar

Alle gardane på Hovland hadde sjøvegar.kart-250-kvalvik-eikefjFrå Hojin gjekk dei rett ned bakken og ned på Jarane. Vidare rett nedover langs gjerdet, inn og ned Kleiva. Dei hadde sjøbu innafor Bakkebua.

Frå Bakken gjekk vegen rett nedover bøen og ned Kleiva. Sjøbua var Bakkebua – ein av dei store tønnefabrikkane.

Frå Smetunet gjekk ein nedover bøen og utover nede i flata. Så ned Kleiva og inn til sjøbua som låg rett innanfor Bakkebua.

Frå Innigarden gjekk vegen rett ned lia nedanfor huset. Dei gjekk så inn og ned vegen som låg omtrent der vegen ned på Kommunekai ligg idag. Her er også sjøbua til Innigarden. Innigarden og Hogane hadde også ei notahengje i lag rett utanfor der komunekaia er.

Frå Hogane gjekk vegen også ned lia som den ligg idag, men siste stykket ned på vegen gjekk ut og ned der Vegvesengarasja står. Her møtte den vegen frå Innigarden og gjekk ned til Notahengja. Litt lengre inne er sjøbua til Hogane – Nilsbua.

Vegen frå Komunekaia og ut til Bakkebua vart laga av Ola Hovland for å kunne motta lastebillass til tømmefabrikken. Den blei opna ein 17.mai for at toget kunne gå forbi her – opp Kleiva og inn til skulen igjen. Sidan er vegstubben kalla Maivegen.

Dagens status på vegen.

Kvalvik – Hovland - Eikefjord vart nedlagt når vegen Florø – Førde blei tatt i bruk.
Det offentlege yter ikkje midlar for å vedlikehalda vegen, men det betyr ikkje at dei har gitt frå seg rettane sine. Det blir opp til brukarane av vegen å vedlikehalda vegen til det bruk som dei måtte ha.
At det offentlege ikkje har gitt frå seg rettane sine til vegane betyr at den er open for bruk. Private kan ikkje legge hindringar i vegen for denne bruken, men har etter gamle rettar lov å sette opp grinder. Desse grindene vart i tidlegare tider godkjent av kommunestyret og må sannsynlegvis det no også.

kart-600-kvalvik-eikefj

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd