Behovet for eiga kyrkje i bygda såg alle, og kring 1810 gjekk bygdene saman om å få bygt ei lita langkyrkje på Sørbøen som då var midtpunktet i bygda. Kyrkja har gjennomgått mange utvidingar i dei to hundre år som har gått. Den er utvida frå eit lite kapell til korskyrkja som står her i dag. Der var og godt tilflot ved nausta på Hella. På Sørbøen var der kro- og gjestgjeveri, bakeri, skysstasjon, handelsbu, postkontor, og dampskipsekspedisjon.
Det eldste skulehuset i Eikefjord (Det er no grendahus i Sunnarvik) vart vigsla og nytta til kyrkjelege tenester då kyrkja vart ombygt til korskyrkje.

Det var Søren Agledal, busett i Agledal, som var Eikefjord kyrkje 1813-300eldsjela bak kyrkjebygginga. Han var fødd i Agledal og hadde ein bror i Hågen på Løkkebø. 1794 gifte han seg med enkja Johanne Sofia Andersdotter Humlestøl.

Med bakgrunn i at bygdene lengst aust i Eikefjordsdalen i 1708 fekk kongeleg løyve til å flytte over til Naustdal sokn, var nok engasjementet stort på Løkkebøen, i Agledalen og i alle andre bygder, for å få reist ei kyrkje i Eikefjord.

I 1788 delte sokneprest Claus Finde inn prestegjeldet i 9 skulehaldardistrikt. I Eikefjord skulehaldardistrikt var det då 49 gardbrukarar: Tonheim 7, Kvalvik 3, Hovland 4, Eikefjord 2, Knapstad 4, Øren 1, Løkkebø 4, Endestad 4, Langedal 3, Sæterlid 1, Svarthumle 4, Ramsdal 3, Agledal 1, Sørdal 1, Eikevoll 1, og Sunnarvik 6. Denne inndelinga stod ved lag til 1819, men før 1813 må det ha komme til ein gardbrukar til. Kyrkja vart finansiert slik at alle gardbrukarane ytte like mykje. Her vart det ikkje gjort skilnad på lite eller stort bruk, alle ytte 1/50-part kvar.

Det er ikkje mange spor etter eigarane, men vi finn tinglyste dokument der 1/50-part av kapellet er gått i arv. Her finn vi spor etter tre eigarar – ein på kvar av gardane i Eikefjord, Langedal og Ramsdal, og i protokollen for Sølvskatten i 1816 og i matrikkelen frå 1836, finn vi alle gardsbruka i Eikefjordsdalen.

På heradstyremøte 19.11.1864 vart det behandla skriv frå gardbrukarar som ville ha svar på kva som skjedde med eigardelen i kyrkja når det var auksjon på gardsbruk. Der vart det opplyst at kyrkja vart bygt og kosta av 50 gardbrukarar i Eikefjorden.

Dugnad var vanleg på den tid og tømmeret som bøndene gav, vart hogge eller skore til plankar og bord, men kvar veit vi ikkje, for der var sag i Barlindbotnen, nemnd i skattemanntalet i 1563, på Hovland nemnd i liste over sager i Sunnfjord frå 1590, og i Sætelia nemnd i 1747. Noko av tømmeret vart vel øksa fram med bile då det måtte betalast skatt av plank som vart skore på sag.

Byggmeister vart Anders Kjørslevik, og Sigvart Grønevik fortel om han i eit minneskrift som står i boka "Høydalene før og no":
"Siste gongen eg snakka med Lovisa Djupevik spurde eg om ho visste kva tid det kom kyrkje i Eikefjord. Lovisa var fraa Kalsvik og det folket hugsa so godt og viste so mykje"
«Kyrkja vart bygd i 1811 eller 1812 sa ho, og det var ein Anders i Kjørlsevika som var byggmeistar for kyrkja daa, og Kjørslevika er den eldste av disse plassane her.
So fortalde ho litt meir om denne mannen; «Han var flink smedkar og byggningsmann og budde i Bergen» Det var vist kona hans som var fraa Tonheim, og so fekk dei ordna det so at han skulde busetje seg i Kjørslevika for han skulle setje istand Botnasaga. Og naar der da nokre aar etter skulde byggast kyrkje i Eikefjord so vart han byggmeistar."

Vigsling av Egefjorden Capell.
I den gamle kyrkjeboka for presten i Kinn (A3 1785-1821) står det skrive: "15=Trinit: Søndag: Blev Egefjordens Capell indvied, Communicanternes Antal vare 136."

Kinn mistralbok 1785-1821 s270-300

15 Trinitatis var i 1813 26.september. På vigslingsdagen var det mest truleg ikkje nokon tilreisande geistlige, då verken prost eller biskop har omtala besøk i Eikefjorden på den datoen. Prosten i Sunnfjord har i si bok (1785-1819) ikkje omtale av hendinga. Han var den søndagen i Dale og hadde gudsteneste der.

På vigslingsdagen var der 136 nattverdgjestar. Eit døme på at nær alle som var tilstades også fekk nattverd. For merk at ved vigslinga i 1813 var kyrkja mykje mindre enn no, berre ei lita langkyrkje med omkring 150-200 sitjeplassar, og berre dei som var konfirmerte fekk gå til alters.

Kyrkja er ei av dei eldste kyrkjene i Sunnfjord og hadde plass til 150 - 200 personar. Ho representerer første generasjon av tømmerkyrkjene frå 1800-talet, og vart bygt som kapell under Svanø soknekyrkje. Kyrkja i Eikefjord høyrer til same kyrkjegenerasjon som Ålhus og Hestad kyrkjer.

Eikefjord var den første nye kyrkjestaden som var teken i bruk i fylket sidan 1600-talet, og kyrkja vart vigsla 26. september 1813. Ho var i privat eige i 60 år før Kinn herad kjøpte ho og bygde ho om til korskyrkje.

Kvifor kyrkja vart privat, forstår vi ut frå at danskekongen - som hadde store økonomiske vanskar etter den Store Nordiske Krig frå 1700 til 1721 - takserte alle landsens kyrkjer med tanke på sal. I åra etter krigen vart over 600 kyrkjer auksjonerte bort til private eigarar.
Det var såleis ikkje noko særsyn at Eikefjord kyrkje var i privat eige. Det var det mange kyrkjer som var på den tid, mellom andre Kinnakyrkja som dei rike brørne Olsen som kom frå Fossen I Førde åtte. Dei hadde kjøpt seg gardar på Ullaland, Reiakvam, Hovland og i Svardal.

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd