Postmeisteren i Florø prøvde i 1931 å få igang ei landpostrute Osa – Vasset - Sunnarvik – Stegane – Storevik – Eikefjord. Eikefjord heradsstyre gjekk sterkt inn for at nemnde landpostrute vart satt i gang.

Torleif Endestad vart tilsett som landpostbod iEikefjord-Torlef Endestad-150 Eikefjord 1.mai 1958. Han fekk også ruta til Steindalen og Svardal/Osen, men kunne først berre køyre til Vasset. Ruta vart køyrd alle kvardagar innkludert laurdag.

Etter at vegen gjennom Allia var ferdig i 1959 vart ruta utvida. Halldis E. Eikefjord som vikarierte for Torleif huska at ho kunne køyre ned til brua i Svardalen. Der måtte ho parkere og gå på provisorisk bru over elva for å levere posten.
Då brua var ferdig vart postruta utvida til Steindal, Svardal og Osen. Samtidig blei Ostunet postopneri nedlagt.

Torleif køyrde denne ruta fram til 1973 då Mathias Kalsvik overtok køyringa til Steindal og Svardal/Osen.

Kilde: Fylkesarkivet, Posten i Flora, Halldis E. Eikefjord.

Opphavsverna © 2021 Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling:
Inova Light Ltd