Måndag den 4.9.1967 køyrde Torleif EndestadEikefjord-Torlef Endestad-150 den første turen på postruta Leversund-Eikefjord. Folk langs ruta var spente på nyvinninga og mange hadde møtt opp med dei nyoppsette postkassane for å slå av ein prat. Torleif var svært opplagd denne dagen og tok seg god tid utetter fjorden.

Torleif tok gjerne med seg nokre av barna han var onkel til på ruta, dermed slapp han å gå ut og inn av bilen. På denne dagen var 9 år gamle Odd Asle Endestad med og han huska godt dei smilande kundane som no fekk posten levert i vegkanten utanfor huset. Han huska også at enkelte var misfornøgde med plasseringa av postkassane, men her parerte Torleif med at det var postmeisteren som hadde bestemt den så slik blei det. Om dei ville ha forandring måtte dei søke postmeisteren, postkassane blei ståande til nyevegen blei bygd.

Torleif køyrde denne ruta, i tillegg til rutene til Løkkebø/Ramsdal og Steindal/Osen, fram til 1970. Han var glad då Mathias Kalsvik tok over denne ruta slik at arbeidsbyrda vart noko redusert.

Mathias køyrde ruta i tre år før Torleif og Mathias bytte ruter slik at Torleif køyrde til Leversund og Mathias til Steindal/Osen.

Opphavsverna © 2021 Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling:
Inova Light Ltd