Sunnfjord i Tekst og billeder 1936
Eikefjord
Av fenrik Alf Osa.
Originaltekst og bilder finn du her

 

Omskrive til nynorsk av OAEndestad


Eikefjord gamaltOmgitt av granneheradane Bru, Kinn. Gloppen, Naustdal og Vevring ligg Eikefjord. Heradet har eit areal på 168,2 km2, med eit folketal på nesten 1000 menneske. Eige herad frå 1923 då gamle Kinn var delt i tre – Kinn, Bru og Eikefjord.

Fjorden som skjer seg inn i landet i austleg retning sør for Flora og Brandsøylandet, er einaste vegen til omverda. Fylkesbåtane er sambandet og har to stoppestadar i heradet, Barlindbotn og Eikefjord. Litt avstengd, men still og fredeleg ligg Eikefjordbygda, rett eit paradis for ferierande byfolk. Her er ikkje nerveslitande tuting og bråk, men roleg og mildt. Sjølve naturen gir helsebot og pågangsmot. Ein finn ikkje dei høge ville fjella som i Sogn og Nordfjord. Det er rundare former her – åsar og lier der bartre og lauvtre slost om plassen. Etter fjellsida er bjørka sterkast, greier mest å komme til topps på Vikanipa og Stølsfjellet. Men Blåfjellet på over 1000 meter vert for drygt.

Eikefjordnamnet gjev tankar om skog, og visstnok har det vore mykje av den i eldre tider. Første bordsaga i Sunnfjord vart sett opp i Barlindbotn. Den er nemnt i skattemanntallet i 1563. Det var to futer som egde den, Anders Skredder og Hans Finneson. Nokre år seinare fann vi sag på Hovland, Vasset og Sunnarvik. Skogen gav god ekstrainntekt, men som leveveg var jordbruk det vanlegaste. Gardane var ikkje særleg store, jorda mest danna av morenar. Men bøndene var strevsame og flinke og fekk god avling av gardane sine. Nybrotsarbeidet har dei siste åra skote fart. I 1935 vart det ferdigdyrka 58,3 dekar jord og planlagt 55 nye felt. Her er det gode fjellbeite som vert nytta om sommaren. Elles er det danna oksehaldslag og hestealslag.

Om vinteren reiser nesten alle unggutane på storsildefiske, enten med notbruk frå heradet eller utanbygdes bruk. I eldre tider eigde eikefjordingane rorbuer ute i øygarden. Der budde dei om vintrane, fiska og salta i tønner. Det som skulle seljast, vart førd til Bergen på store råsegljekter. Ei av desse, vert det fortalt, blei bygt på Osa 2,5 km frå sjøen. Vegen var ulendt med bergryggar og myrar. Men til sjøs måtte ho etter to dagars dugnadsarbeid med hestar og mange mann.
Husflidsarbeidet hadde i eldre tider ein brei plass hos bøndene. Nevedyktige og oppfinnsame som dei var, laga dei ambrar, tiner, bytte og kister, skar ut og rosemalte om vinterkveldane. Kvinnene spann og vov. Og endå i vår moderne tid, då alt skal være kjøpt, finn vi kvinner i Eikefjorden ved vevstolen.

Eikefjordingen har lært å være sparsom. Maten har ikkje alltid vore av den beste. Sild og poteter, graut og sur mjølk, prim eller grauta-kling var kosten før. I seinare tid vert rettane fleire, men graut kan ein lage både på søn- og heilagdagar, den er så heilag at menneske ikkje kan bøte gods for den.

Eikefjordsdalen er etter måten brei dei første seks kilometerane. Dalføret kløyver deg då i to. Ein arm går i austleg retning 9 km til Ramsdal, den andre armen går i nordaust ca 4 km til Løkkebø. Her kjem Storelva, som har sitt utspring i Eimhjellevatet i Nordfjord, renn gjennom fleire vatn og stryk, til ho munnar ut i sjøen i Høydalsfjord. Ved Osa lagar ho Gygrefossen; denne vil sikkert verte lys- og varmekjelda for heradet.

Dei mange og til dels store og fiskerike vatn, omgjevne av skogrike åsar og lier, skaper ein harmoni som ein sjeldan finn maken til. Ikkje å undrast at sportsmann finn seg til rette her. Når han streifar rundt på fjell og heier med børsa og fiskestana, har han dei mest fullkomne og vekslande naturscener for auga. Hav og skjær – fjell og fjord – dalar, elvar og vatten – åsar og lier og så heia, heia med blinkande fiskerike vatn, lyngkledde rabbar og mosegrodde berg.

Eikefjord kyrkje 1913Eikefjord er ei gamal bygd. Etter gardsnamna å døme har her vore fastbuande folk fleire hundre år f. Kr. Gardane Hovland har truleg namnet sitt frå gamal gudsdyrking. Segner og soger frå gamal tid -særleg slike som knyter seg til namn og hendingar – finn ein mange av. Ofte kan ein møte på eldre folk med eit hugs og ei forteljarevne som er reint sjeldan.
Tettaste folkesett er strandstaden Eikefjord. Her finn ein livleg handel, her er dampskipsstoppestad for Fylkesbåtane, post- og telegrafstasjon, folkeskule, snikkarskule og soknekyrkja. Etter Kraft skal kyrkja vere bygd i 1812 som kapell. Vart seinare annekskyrkje og ombygd til krosskyrkje. Ei ven og stilfull kyrkje.


Lengre vest med stranda ligg Hovland med livleg fabrikkverksemd av tønner. Her på nordsida av fjorden skal sambindingsvegen Flora-Eikefjord-Førde gå, framtidsdraumen som vil gje utløysing av samband med utanom verda til lands og gje turistane ein ny attraksjon. Nye tidsmessige vegar har heradet lite av. Berre vegen Vasset - Sunnarvik – Eikefjord er heilt ferdigbygd; den er om lag fire km. Elles er det bygd veg frå Løkkebø langs vestsida av Endestadvatnet til Brekka, ei god hjelp, men vegen forbi Knapstad til Eikefjord er gammal, bakkete og skral. Likeins frå Storebru og oppover hovuddalen til Langedal-Svarthumle og Ramsdal. Ein legg gjerne merke til at det er bydt gode grende- og gardsvegar til avsidesliggjande gardar. Til dette arbeidet har heradet for det meste nytta dagsverkstilskota som staten yter. Eit stort og verdifullt arbeid er her vorte gjort. Fjellgardar som Agledal – Listene – Humlestøl m.fl. som før ikkje viste råd til å få skikkeleg veg, ser no lysare på tilhøva.

I det heile lyt ein vel seie at Eikefjord er eit herad i framgang og som set store håp for framtida.

Kilde: nb.no

Opphavsverna © 2021 Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling:
Inova Light Ltd