GRAVPLASSEN VED KYRKJA
Gravplassen kyrkja

Einar Seim på Kinn meinte at Kinnakyrkja vart bygd der ho står på grunn av at der var ein godt eigna stad til gravplass. Der var jorddjupne nok, og ikkje myr. I tillegg låg kyrkja sentralt for øybuarane. Same forklaring kan det vere for kyrkjestaden i Eikefjord.

Gravplassen rundt Eikefjord kyrkje vart teken i bruk då kyrkja vart sett opp, og etter at heradet kjøpte kyrkja og utvida ho, vart det klart at ein måtte utvide gravplassen.

18. juni 1875 vedtok Svanø sokns formannskap å kjøpe 2500 kvadratalen (om lag eitt mål) jord frå Anders J. Egefjord. Anders fekk 70 Spesidalar for jordstykket. Det låg i austre enden av den gamle gravplassen, hadde god jord og mok djupne på over tre alen.

DEN NYE GRAVPLASSEN I EIKEFJORD
Eikefjord gravplass

Eikefjord gravplass 1905Mot slutten av 1800-talet vart gravplassen for liten att, og det vart ei lang og vanskeleg sak om kvar ny gravplass skulle leggjast. I 1903 kom det opp forslag om å plassere ny gravplass på Høgereina (aust for eksisterande gravplass), Men det vart protestert mot at ny gravplass skulle plasserast der, då den plasseringa ville ureine drikkevatnet. Soknestyret var samd i det, og gravplassen blei lagt nord for løa Under Bakkane. Vegen inn til graplassen blei lagt vest for løa og grind omtrent midt på gravplassen. Første grava vart opna i 1903.

I 1928 tok soknerådet opp dak om utviding av gravplassen, og på slutten av året rår soknerådet til at han skulle utvidast med eitt mål. Kommunestyret slutta seg samrøystes til det, men grunneigarane nekta å gje jord til utvidinga. Kommunen bad då doknerådet om tilråding i korleis dei ville ha ei utviding, og bad dei søke om kongeleg løyve til å oreigne jord.

Same året kom alternativet om gravplass på Høgereina opp, og kommunen oppmoda grunneigarane om å gje bindande fråsegn om dei var viljuge til å gje 4 til 5 mål av Høgereina til gravplass for bygda, og fri veggrunn til ein fire meter brei veg dit frå bygdevegen.

28. mai same år gjorde kommunestyret samrøystes vedtak om å utvide opphaveleg gravplass not nord og vest, og få arealet taksert. Samstundes skulle alternativet på Høgereina og vegen dei takserast.

I 1998 vart felt for gjenbruk ferdigstilt for ein pris av kr. 321.000,-, og i 2000 vart graplassen utvida på nordsida av gravplassen. Arbeidet vart utført av firmaet Trygve Ullaland. Den totale prosjektkotnaden kom på kr 3.177.000,-.

GRAVPLASSEN I SVARDAL
Svardal gravplass

 Oppsitjarane i Svardal og Osen som høyrde til Bru sokn, søkte i januar 1889 til Kyrkjedepartementet om å få opprette hjelpegravplass i Svardal. Same året vedtok heradstyret å garantere for kostnaden.

Steindal, som høyrde til Vevring sokn, kom med og fekk austre delen av gravplassen. Svardal og Osen brukar den vestre. Midt på gravplassen stod der tidlegare eit lite kvitt klokkarhus. Vegen opp til gravplassen gjekk gjennom runet til bruk nr. 8 og opp bakkane. Vegen til Steindal går rett forbi gravplassen, så då den vegen var ferdig i 1958 vart den gamle vegen lagt ned.

I 1963 vart gravlplassen utvida. I 1987 vart det laga ny veg til gravplassen, og det vart sett opp nytt gjerde rundt han. Nytt klokketårn med opphalds- og reiskapsrom stod ferdig i 1989, og det vart sett ned ein takn som samlar opp vatn frå taket på klokketårnet til bruk ved stell av gravene. Flora vidaregåande skule prefabrikkerte klokketårnet, og heile kostnaden kom på omlag kr. 100.000,-.

GRAVPLASSEN I STEINHOVDEN
Steinhovden gravplass

Fra 1908 har bygdene Hopen, Steinhovden, Høyvik og Seljeseth hatt gravplass i Steinhovden, og etter at vegen vart ferdig mellom Sandvik og Nyttingnes i 1977, vert gravplassen også nytta av desse bygdene.

Etter kvart vart det trong for utviding av gravplassen, og planane vart godkjende av bispedømet året 2000. Firmaet Trygve Ullaland utførte arbeidet i 2001, og det kom på kr. 976.000,-. Kapasiteten auka med 48 graver.

I 2003 fekk klokketårnet nytt tårn med nytt kopartak. Bygningen fekk ny kledning, og det vart sett inn ny ytterdør og nytt vindauge. Samstundes sette ein opp nygg gjerde kring plassen. Arbeidet vart utført av Einar Sundal og tilsette i kyrkja, og kom på kr. 109.000,-.

GRAVER FRÅ FØRKRISTEN TID

Det er funne spor etter busetting og graver i Eikefjord i eldre tider. I 1998 gjennomførte Arkeologisk institutt ei utgraving ved den nye gravplassen i sentrum. Her fann dei spor etter allsidig aktivitet gjennom jernalderen, det er spor etter både busetting, jordbruk og gravlegging.

Les meir i "Spor etter våre forfedre"

Kilde: Eikefjord kyrkje 200 år

Alle bilder: Odd Asle Endestad

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd