På slutten av 1870 talet sette Amtsbaatane damparen «Lærdal» inn i lokaltrafikk i indre Sogn. I området vårt budde der mykje folk som var heilt utan offentlege kommunikasjonar. Det reiste seg eit folkekrav om at vi her ute også måtte få ein lokalbåt. Dette vart avslått av direksjonen i Bergen.

Det vart då Eikefjord-Sorbo-250straks sett i gang arbeid med å få oppretta eit lokalt selskap. Initiativtakaren var Nicolai Haave i Stavang. Dette gjorde at Amtsbaatane hausten 1880 kjøpte inn den brukte damparen «Balder» frå Hordaland. Han vart straks sett inn i rute til dei største stadane kring Florø, og sjølvsagt var Eikefjord ein av desse. Dampskipsekspeditør vart Samson Salamonsen Hopen som hadde ei stor sjøbu ute på marabakken, og god gangveg ut til denne. Det var langgrunt inne i fjordbotn.

 

Alt i 1870 søkte Samson Hopen om å få opne eit postopneri i Eikefjord og i 1879 gjentok folket i Eikefjord søknaden. Kinn herrad støtta søknaden på grunn av at Eikefjord låg isolert og sognet hadde omtrent 1000 innbyggarar.

Det var naturleg ar det den 01.07.1881 vart oppretta eit postkontor i Eikefjorden, og Samson S. Hopen vart den første styraren av postopneriet. Samson hadde lenge drive handel i Eikefjorden. Han kom eigentleg frå Hopen i Høydalsfjorden og var fødd i 1818. Han var altså 63 år gammal då han vart styrar av posten her inne.

Truleg har han overlate postopneriet til sonen Salomon i 1888 då han var 70 år gammal. Salomon var fødd i 1864. Men Samson heldt seg godt, og har nok hjelpt til både med handelen og posten i menge år etter dette.

Eikefjord-Salamon Hopen-150

Salomon Hopen

I 1908 overtok Andreas Agledal som postopnar. Han hadde ved fleire høve vore i USA og leita etter gull i Klondyke. Han var ein av dei få som kunne reise heim att som ein rik mann. Vel tilbake i Eikefjorden kjøpte han handelen til Salamon Hopen og dampskipsekspedisjonen. Sjølvsagt tok han også over som poststyrar. Offisielt var dette den 27.05.1908.

Dotterdotter til Andreas, Olina, hugsar at bestefaren hadde tre klumpar med reint gull. Den eine stor som ei valnøtt. Den var så mjuk at ein kunne forme han med fingrane. Andreas sat med posten til 15.03.1929, då han gjekk av for aldersgrensa.

Eikefjord-Andreas Agledal-150

I 1895 søkte oppsittarar i Eikefjord og Høydalsfjord om post to gonger for veka og fekk svar frå postdepartementet i 1896. I 1922 går poststyret med på å opprette den tredje postruta på Eikefjord og Høydalsfjord. Postbåten skulle ha korrespondanse med Bergens-båten i Svanøybukt.

I 1917 hadde Amtsbaatane problem å skaffe olje til motorbåtane sine. Dette skapte problem for posten, og Kinn herrad ba om at Amtsbaatane måtte prøve å oppretthalde to turar for veka til og frå Florø, eller strekke seg så langt råd er med dampskipene.

Dotter til Andreas, Annie, hadde ungdomsskulen i Førde. Ho hadde ofte hjelpt faren, og vart tidleg autorisert som assistent med løyve til å underskrive tilvisningar. Då han gjekk av, prøvde postmesteren i Bergen å få til samlokalisering av post og rikstelefonen, menn Kinn herrad gjekk imot dette.
Annie tok over som poststyrar. Tilsetjingsbrev vart sendt den 27.09.1929. Lokala på Sørbøen var ikkje gode nok lenger, og posten vart i 1930 flytta til Solstrand der mannen til Annie, Erik Sigvald Havn, bygde opp trevarefabrikk. Vi kan lese at Erik blei «gitt tillatelse til i fornøden utstrekning å sette seg inn i postarbeidet med henblikk på at han i påkommende tilfeller kan være hennes stedfortreder.»

Etter krigen vart Annie plaga av sjukdom, og ho måtte ha permisjon både i 1946-47 og 1953-54.

Eikefjord-Annie Havn-150

Dotter til Annie, Olina, hadde tatt handelsskulen i Florø. Frå ho var liten av hadde ho hjelpt mora med posten. Det var difor naturleg at ho tok utdanning i posten, og ho vikarierte for mora i hennar sjuksomsperiodar. Ho vart konstituert som poststyrar i 1957 og fast tilsett i 1959. Vi må også nemne at far hennar, Erik, vikarierte når det var naudsynt.

For skuld sjukdom måtte Olina Endestad slutte i 1988 og dermed var 80 år med familien i poststyrar stilling til ende.

Eikefjord-Olina Endestad-150

Huset der posten heldt stad, vart rive, og posten flytta opp i kjellaren til det huset Olina og mannen kjøpte i 1958. Her var posten til 1977.

Då vart han flytta til forretningsbygget til Audvin Eikefjord i sentrum.

Eikefjord-Midttun-250
I ein kort periode vikarierte Mathilde Aarseth, før Reidun Kvalheim Langedal vart konstituert og tilsett som ny styrar i 1989. Reidun hadde eksamen frå Flora Gymnas, og deretter postskulen. Ho arbeidde litt ved hovudpostkontoret i Bergen, før ho kom til Florø postkontor i 1978. Her vart ho fast tilsett. Ho vart gift med Ludvig Langedal, og slo seg ned i Eikefjorden. Det var naturleg ho søkte seg til styrarstillinga her. Eikefjord-Reidun K Langedal-150

Med utvidinga av postrutene til Høydalane og Stavang blei igjen postkontoret for lite og posten flytta til Sjøhuset. Tre år etter dette den 30.04.2001 vart postkontoret i Eikefjorden lagt ned etter å ha vore i drift i 120 år. Lokalet på Sjøhuset blei nytta til sortering av post for landpostboda, men vart etter kort stund flytta til Florø.
Reidun fekk tilbod om stilling ved postkontoret i Florø, men takka nei. Sentraliseringsiveren var stor på nasjonalt plan, og ho forstod at ei stilling der ute ville vere svært usikker, noko som viste seg å vere rett. Ho gjekk over i anna arbeid.

Eikefjord var alltid eit stort postområde, og postmengda auka jamt. Men etter krigen vart det ein sterk auke. Olina kan fortelje at på resten i hennar periode vart sekkane så tunge at ho måtte ha hjelp til å bere dei, og stundom var det vanskar med å få dei inn gjennom døra til posten.

I Reidun sin periode var der og ein veldig auke, men no mest for skuld all reklamen som var til å ta knekken på ein. På slutten var der slike mengder post at han kom i containerar. Verdipost kom sjølvsagt for seg sjølv.

Sidan 2001 har Eikefjord hatt Post i Butikk. Opningstidene på posten har dermed følgt opningstidene til Spar-butikken.

Brev sendt frå Eikefjord dagsett 11.08.1881 like etter at postopneriet vart oppretta den 01.07. Dei hadde ikkje stempel så Samson Hopen har skrive Egefjord og dato for hand. Eikefjord-Brev1-250
Her det vanlege namnestempelet som Eikefjord fekk i 1887. To-ringsstempel utan tverrbjelke. Eikefjord-Brev2-250
Ny gravering av to-ringsstempel med tverrbjelke vart teke i bruk den 15.11.1939. Eikefjord-Brev3-250
Når det var problem med stempel, fekk postopneria hjelpestempel. Her eit slikt for Eikefjord. Eikefjord-Brev4-250
Ein-rings stempel med Eikefjord fekk dei den 18.02.1963 Eikefjord-Brev5-250
Same stempel men med postnummer 6940 kom den 02.05.1972. Eikefjord-Brev6-250

Kilde og bilder: Posten i Flora – Bjarte Sindre.
Kilde: Fylkesarkivet, Audvin Eikefjord.

Opphavsverna © 2021 Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling:
Inova Light Ltd