I 1998 gjennomførte Arkeologisk institutt ei utgraving ved kyrkjegarden i sentrum. Her fant dei spor etter allsidig aktivitet gjennom jernalderen, det er spor etter både busetting, jordbruk og gravlegging. 

Alderen på ei grav kan bestemmast ut frå glasperler. Dateringane ligg frå tidlig vikingtid inn mot midten av vikingtida. Vikingtida er ein epoke i nordeuropeisk historie som strekker seg frå 800 e.kr til ca.1050 e.kr. Les om funnet her

Det første Joleik fant om Eikefjord er i 1520. 0 Torleiv. All hans lause og faste middel var verd sett til 102 1/2 mark i pengar (vel verdien av 34 kyr). Dertil åtte han jord, som var verd. sett til 10 mark (vel verdien av 3 kyr).

Eikefjord hadde flaumsag i 1590, og skog var der nok av. I 1603 eigde  Olav Pålson saga. (Dette er saga som stod ved inste Hovlandselva. Grunnmuren står enno i fjæra på Inste Hovland like utanfor elva)

1699 Eli Steffadotter, kona til Hans, hadde lagt eit daudt kjid ut for stovedyrra til Marite Hallvarddotter (faren var død). Det var for di at Marite hadde lova å slå kjeet i hel, og no vart det funne daudt. - Dei vart forlikte.

Egefiord 1723, Svanegods. Lettvunne

I 1764 vart Olav Sjurdson spedalsk, og eigde så mykje at han sjølv kunne koste seg inn i spitalen. Han budde fram til 1768 i Eikefjord til tross for den redsel og avsky sjukdommen medførte.

Amtmannen hadde ikkje imot at Mons Olavson Naustdal fekk verte gjestgjevar i Eikjefjorden i  1765 etter Mari Jakopsdotter. Han fekk også tinglese kongsløyve frå 1765 til Mons O. Naustdal «et Kroehold og giæstgiverie udi Egefiorden».

I 1801 var det sju huslydar på garden Eikefjord.

Matrikkelen 1838
55 matrikkel

Gards/Bruksnummer ca 1900
55 Gnr

Kart
55 Eikefjord

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd