Kring 1300 åtte Kinnakyrkja ½ «laup» jord i «hoflandi». Og Brandsøy-presten eigde 2 1/2 månadmatabol.

Per Trulsson og Joans Hovland hadde ei flaumsag i 1603 (og gav 2 dalar i sagskatt). Dei skar 20 tylfter bord (og gav 1 1/2 dl. i bordskatt). Saga er ikkje nemnd i 1608. (Murane etter saga er i Hovlandsfjæra rett utanfor Inste Hovlandselva)

1622 Joans måtte betale 7 dalar fordi dotter hans fekk barn utanfor ekteskap

1653 Simo måtte betale 2 dl. fordi han slo Hans Eikefjord med ei øks.

I 1703 måtte David Olavson betale 3 dalar i bot fordi han hadde lege med dama si for tidleg og hadde fått barn. Ho heitte Marite Simondt. Toneim

I 1707 trulova Jens Larson (Stien) seg med husmannsdatter Daarte (også skrive Durdei) Andersdotter (Qvalvig). Dei gifte seg året etter. I 1707 vart dei stemnde for at dei fekk barn for tidleg i ekteskapet. Dei var fattige og hadde ikkje penger til bot, så dei vart sett i fengsel slik lova kravde.

Hofland er i 1723 beskrive som noko tungdrive. Der var 2 kvernar.

1736 Nils Olavson Hovland skulda 11 dalar til Nils Jøsupson Halset, og pantskreiv huse sitt på Hovland, og parten i ei jakt på 5 1/2 last (med segl og taklog vindespel) til han.

I 1755 var det ei spesiell sak oppe på tinget. Kari Torgjeirdotter Svartumla hadde med seg 2 værar då ho kom til Kasten Hovland. Værane tok ho med seg heim til Svarthumla da Carsten ikkje ville ha henne. Kasten laut gje henne løn for tida ho var der, og betale sakskostnaden.

I 1757 fekk Mass Simonson 2 dalar i bot til kongen og 1/2dl. til skulekassa i Kinn, for han var drukken og slost i brudefølge på ein båt på ein helgedag.

I 1786 var det grensegang mellom Hovland og Eikefjord. Retten fastsette merker, men i 1788 inngjekk dei forlik om å flytte merkene lengre inn. For denne utvidinga ville Hovlandsmennene, all si tid, gjere kvar sitt dagsarbeid til eikjefjordingane.

I 1793 var drengen Lars Larsson mistenkt for drap av ei jente som vart funne død i sjøen - ho rodde frå land i lag med han.

I 1801 var det fire huslydar på Hovland.

Matrikkelen 1838

53 matrikkel

Gards/Bruksnummer ca 1900

53 Gnr

Kart Gnr 53
53 Hovland

Flyfoto 53/1 Innigarden 1970 (Fylkesatlas.no)
53 1 Hovland

Flyfoto 53/2 Håjen 1970 (Fylkesatlas.no)
53 2 Hovland
Nyehuset er komme opp rett ved sida av gamlehuset. Gamlevegen går ned til høgre i bildet.

Flyfoto 53/3 Smetunet 1970 (Fylkesatlas.no)
53 3 Hovland

Flyfoto 53/4 1 Bakkjen 970 (Fylkesatlas.no)
53 4 Hovland

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd