Det eldste Joleik har om Kvalvik er frå 13 hundre talet. Då eigde presteborde i Brandsøy jord i «Hwalvik»

I 1625 slo kona til Olav Kvalvik til drengen til Arne Hovland fordi han mol korn på kverna utan å spørje. Arne hadde rett til å bruke kverna så Olav laut betale 1 daler i bot.

I 1648 laut Rasmus «Quallwig» betale 2 dalar i bot fordi han låg med forloveden sin.

I 1710 fekk Joans dømt husmannen Olav Sæmundson til å fare derifrå. Han hadde utan lov slege litt høy. Olav vart skulda for «husenes forraadnelse», og skuld til jordeigaren.

I 1767 stemnde futen Jens Nagel han Lars Eirkson Haukaana, etter 2 år gamal sild-tiend til Svanøykyrkja, som futen åtte. Jakop møtte på tinge og sa at han hadde ikkje fått noko som var verdt å svare tiend av. - Alt han fekk til gards var ein 6 tønner sild, mannsluten irekna, og hadde part i not. Jakop meinte at det kunne ikkje svarast tiend av so små kast, av sild eller makrell, som dei ikkje seIde, men åt opp heime. - Retten heldt med han der, men dømde at 6 tønner var meir enn «blodt Kogefisk», og tiend skulde svarast til kyrkjeeigaren, futen. Det var 1/30 av 6 tønner, prisen for sjøausa sild var 40 skilling tønna. Futen vart vel skjemd, då han vart tildømd sin part: 8 skilling. Men til trøyst for futen dømde retten at Jakop skulde svare sakskostnaden 1 1/2 dale.

I 1787 var ei sak på tinget at den spillsjuke guten Olav Joansson, som var send til spitalen, trengte hjelp av bygda til innlosjering, han hadde fattige foreldre. Og 1788 sameleis med mora Daarte Andersdotter, kona hans Joans Andersson. Og 1791 vart også sveinen Hallvard Joansson smitta.

I 1798 vart Anders Olavson Kvalvik skulda for å fått eit uekte barn med Mari Olavdotter frå Øvre-Standal. Presten i Kinn kravde at han måtte betale for barnet. Kona møtte på tinget for han, og ho meinte dei måtte bevise at barne var mannen sitt. Etter fleire omgangar kom det fram at mora til barnet var død. Då tilbudde kona til Anders Olavson å ta barnet og oppdra det, utan å erkjenne at det var mannen sitt barn.

I 1801 var det fire huslydar i Kvalvik.

Matrikkelen 1838

52 matrikkel

Gards/Bruksnummer ca 1900

52 Gnr

Kart G.nr 52
52 Kvalvik

Flyfoto 52/1 1970 (Fylkesatlas.no)
52 1 Kvalvik

Flyfoto 52/2 1970 (Fylkesatlas.no)
52 2 Kvalvik

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd