Det første Joleik har funne om Svarthumle er at den var kyrkjejord i 1563.

I 1663 vart Brite Andersdotter anklaga for trollskap. Det var ikkje prov så retten dømde henne fri.

I 1666 budde Presten i Kinn, Knud Gantz, på Skorpa, men før var prestgarden på Kinna. Han skriv at Skorpa vart bytt til prestejord for Svartumla, som var prestejord-jord før, og det var i sant Olav si tid «som er langt forleden». (Olav den Heilage var konge i Norge 1015–1028)

I 1672 ar det ei lita bekkekvern i Svarthumle.

1721: Torgjeir Person var gift. Han hadde samleie med Marite Jakopdotter Kvalvikja, og vart frådømd bue sitt til kongen.

1746: Torgjeir gav Olav Samelson Ramsdalen eit hogg i neven i bryllaupet sitt, men han mente ikkje noko ilt med det. Dei gjorde opp seg imellom, etter at han var stemnd til tings. Men futen slepte ikkje taket, og fekk Torgjeir vart dømd til å bøte 9 dalar.

1775: Futen fekk Søren Olavson dømd for tidleg samleie med sin hustru.  Etter presteattest «erfares at der imellom den sag­søgtes Trolaavelse og hans barns Daab ikke er passeret mere end Syv maaneders tid, følgelig maa besvangreisen være skeed længe før trolaavelse».

I 1789 var det vitning på tinget at kyrkjefolk frå Svarthumle Dalen hadde godt av å få kjøpe ei potte øl i Nyttingnes-holmen, for då var dei nett halvveges på 4 mil lang kyrkjeveg heimanfrå og til Svanøy

I 1801 var det fem huslydar i Svarthumla

Matrikkelen 1838

63 matrikkel

Gards/Bruksnummer ca 1900

63 Gnr

Kart
63 Svarthumle

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd