Det første Joleik har funne om Løkkebø er frå 1563 då garden var bispejord.

l 1617 laut Marte «som bodde i Løckebøe» betale 10 dl. (5 kuverde!) i bot for drengen hennar hogg ei eik til ved, - som var forbode. I 1618 fekk Torgjeir 8 daler i bot og Jens like mykje for same forbrytelse.

I 1631 fekk Nils Lykkjebø 3 dl i bot fordi hans kone kom lit for tidleg med barn etter bryllaupet.

Lykkjebøsaga vart først nemnd i 1675 då det vart skore 300 bord.

I 1723 var «Lychebøe» Svanegods

Ca 1740 bytta Branden på Løkjebøen namn til Barlund

I 1742 var det sak mot Endestad-mennene Svein Andersson, Olav Andersson, Gunnar Olavson, for tjørerot-graving i Løkjebømarkja.

I 1752 synte  Martein skinnet av ein ulvunge (kunne vere 2-3 månader) til tinge for å få  premie.

1762:  Olav Larsson stemnde Martein Rasmesson for han ikkje for til støls i rette tid. Martein unnskylda seg med at han hadde kyrne på vårstølen fyrst.

I 1801 var det seks huslydar på Øyra.

Matrikkelen 1838


58 matrikkel

Gards/Bruksnummer ca 1900

58 Gnr

Kart
58 Løkkebø

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd