Det første Joleik fant om Agledalen var at Rasmis hadde budd der før 1615, men sidan låg Agledalen øde, og er ikkje nemnd i jordboka i 1617.

1724: Synnyve Aamunddotter Endestad (frå Agledalen?) skreiv til kongen frå bønder i Agledalen, Svarthumla, Ramsdalen, om å verte overflytt til Naustdal. Kyrkjeveg dit berre ei mil, men til Bru-kyrkja ei mil gåande og tre mil roande. Kongen samtykte 1. juni 1708. (Blei ikkje noko av likevel)

I ei beitesak mellom Jonstad og Skjeid, 18. juni 1787, tingsynte Jonstadmennene ein dom frå 16. sept. 1646.  Agledalsstølen på andre sida av  fjellet var tilkjent Jonstad og Skjeid, likt.
Det er segn om at Agledalen hadde late stølen frå seg, for ei merr. Jonstadstølen heiter den no, og er like ovanfor garden Agledal.

I 1801 var det ein huslyd i Agledalen.

Matrikkelen 1838

66 matrikkel

Gards/Bruksnummer ca 1900

66 Gnr

Kart
66 Agledal

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd