Første busetnad vi veit om i Eikefjord var på marka der eldresenteret er no. Så beskytta som fjorden og landskapet er her inne i fjorden har det nok vore busetnad fleire plassar. Det viser gravrøysene på nesene utanfor Kvalvik.

Etter kvart som behovet har meldt seg har folk flytta opp gjennom dalen og busett seg langs dei rike fiskevatna og til gode jordbruks og fangstområde.

I dette kapittelet skal vi prøve å skrive litt om allle gardane og Eikefjordsoga treng mykje hjelp. 

Albert Joleik hadde ei livslang interessere for lokalhistorie. I over 20 år, frå 1946 -1968, sat han dagleg på Statsarkivet i Bergen i vinterhalvåret og granska kjelder og skreiv historie. I 1959 kom Sunnfjordsoga. Seinare kom det bygdebøker for fleire av sunnfjordkommunane blant andre Flora (1980).

Stort sett er det skrive om eigedom og skatt, men inn i mellom er det også skrive om andre saker som var oppe på tinget. Her er bøter for samleie utanfor og før ekteskap, kranglar og drap. Ein kan også lese korleis ein drapsmann vart avretta. Nokre av desse sakene er tatt med i gardssoga.

I Joleik si soge er det ein del gamle ord og uttrykk som ikkje lengre er i bruk, så her er ei lita forklaring:

Månadmatabol - Månedsmatsbol var i middelalderen betegnelse på en gard som betalte ein månedsmat i årlig landskyld, altså en form for skatt. En månadsmat var egentlig en mengde mat tilstrekkelig for ein mann i ein måned, målt i smør og mel.

Tiend - I Norge ble tiend innført av Sigurd Jorsalfare rundt 1120. Den skulle svarast (oftast med 1/10) av all inntekt, gjerne i naturalia, og gjekk i katolsk tid til biskop, prest, kyrkjebygning og dei fattige. Ved innføringa av ny type kyrkjestyre ved reformasjonen ble bispe-tiend omgjort til en konge tiend.

Spitalen - St. Jørgens hospital (kan ha vore brukt som namn på sjukehus)

Laup - er ein gammal norsk måleeining for vekt og volum, brukt til å måle smør, erter, korn og salt med meir.

Last - er ein gammal og no utgått måleeining med svært varierande betydning.
Generelt svarte en last til om lag 1800 kilo som masseeining eller om lag 3 kubikkmeter som volumeining.

Presteborde - Benefisert gods er jordeigedom som ligg til eit embete, og som embetsinnehavaren (beneficiarius) sjølv brukar eller har leigeinntekter av. Det kallast også mensalgods (av lat. mensa) og prestebordgods.
Svært få eigde sin egen jordeigedom, når man ser litt bakover i tid. I Norge var bonden stort sett berre ein leietakar av jorda han dreiv. Kongen slo under seg eigedommar med makt, mens kyrkja fekk eigedommar i «gåve» mot visse kyrkjelege ytelsar og tenester.

Spillsjuke - Lepraarkiva i Bergen er de første nasjonale sjukdomsregistrene i verden, oppretta ved kongeleg resolusjon 30. juli 1856. Lepra (også kalla spedalskhet eller spillsyke) er en kronisk infeksjonssjukdom som har vore kjent over alt til alle tider. 

Kuverde - noko som svarer til verdien av ei ku

Det er tatt med to tabeller i gardshistoria. Dette for å vise samanhengen mellom dei forskjellige nummersystema på gardane.

Matrikkelen 1838 har følgande overskrift (Kilde: Digitalarkivet.no)

Første kolonne er nytt matrikkelnummer, så kjem gammalt matrikkelnummer. Tredje kolonne er gardsnamn og fjerde kolonne løpenummer. Deretter kjem gardsnamn på nytt og i sjette kolonne oppsitter.

Matrikkel overskrift

Tabellen med Gards – Bruksnummer og dei gamle matrikkelnummer er frå ca 1900. Gnr – Bnr blei innført i perioden 1863-1883.

Å skrive heile gardshistoria er ei stor oppgåve og det vil ta tid å bli ferdig, men den som skynder seg langsamt kjem også i mål. Det er du som bur på garden som kjenner historia og kan feste dette på papiret. I første omgang berre stikkord og litt om eigarane opp gjennom tidene – seinare prøver vi å sy det saman til ei gardssoge for kvar gard i distriktet.

Skjema under kan være til hjelp samling av data. Ta ein kopi og bruk det i din tekstbehandling.

pdfLast ned PDF her!52.64 KB

Ved skifte av eigar – bruk nytt skjema så man får registrert ektefelle og barn.

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd