Det første Joleik skreiv om Vasset er Sjur som skatta 1 dalar i 1563.

Kristofor Vadset hadde bordsag (med flaumvatn), og svara sagskatt i 1603 og 1608.

(Dette står i Joleik-soga under Sørdalen) I Jordboka1615-17, mellom Svarthumlestølen og Agledalen, står: - Olluf 0degaardtzMand 0dde. - I 1610(?) er ein Olav 0ydegardsmann nemnd mellom Vasset og Svardalen.

I 1683 fekk dei skattfritak i 3 år, so dei kunne få seg hus, på grunn av eldskade.

1697: Ivar husmann (vist utan jord) fekk barn med jenta Ales Ysteindotter. Presten, futen og bygda la seg etter dei, mest for di at dei vart buande saman etterpå. Presten sin medhjelpar kom sendande, frå Steinhovden, og bad dei skiljast. Men så snart hun ei tid har våre frå han, hadde hun straks dratt til han igjen. Ivar sa at han hadde barne hjå seg, og sidan han ikkje hadde kumjølk laut mora vere der hardaste vinteren og gj barne suge, so det ikkje sette-til. Presten bad futen om hjelp, og lensmannen kom og stemnde. Men Ivar og Ales kom ikkje til tings (i Brandsøya), for is og snø, 27. mars. Lagretten meinte at dei livde i «Skinbarlig - Løsagtighed - i schammelig Leffnet», men no skulde dei skiljast. Ho var ung og ledig, og laut flyte til ei anna sokn. På sommartinget fekk folk vite meir, so dei kunne roe seg: Jenta gjekk no omkring med sitt barn og tigga og hadde ikkje til pengebot!

1719: Ystein Joansson V. hadde samleie med Marite Andersdotter Synnarvikja. Ho sa i retten at han ville gifte seg med henne, men på neste ting møtte han, og sa nei til det. Dermed vart ho dømd til full bot for seg, 6 dalar til Svanegodset, og han til 12 dl. Men om han ikkje greidde bota, då til straffarbeid på festning eller bergverk, til bota var opptent.

1721: EiIi(n) V. vart stemnd etter leiga av gravstad til avlidne mann hennar, i kyrkjegolvet. Kyrkjeverjene (i Bru kyrkja?) kravde 4 dalar, til inntekt for kyrkja. Anders Abramson møtte for mor si, og prova at 2 dl. var betalt. Han ville betale 1 dl og mora 1.

Wadseter var i 1723 Svanegods.

I 1774 vart det  vitna på tinget at Anders Andersson var spedalsk. Han hadde arva ei sneis dalar etter mora­ og han skulde betale for utredning og innsending. Bygda fekk koste innlegging på spetalen. Faren var fattig og ein annan son var krøpling.

1780: Engel Andersson var spedalsk, og laut få hjelp av bygda til innlegging på sjukehus i Bergen.
Kverna på Vasset var nedfalla av alderdom, so ho var skattfri.

I 1801 var det to huslydar på «Yttre Wasset»

Matrikkelen 1838

68 matrikkel

Gards/Bruksnummer ca 1900

68 Gnr

Kart
68 Vasset

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd