Tanken å bygge ein sentralskule for heile Eikefjord kommune, vart først teken opp av skuledirektøren i Bjørgvin. Han bad skulestyret ta saka opp i alle skulekrinsane. Dette blei gjort, og alle krinsane med unntak av ein, Langedal skulekrins, gjekk inn for sentralisering. Langedal skulekrins ville ha to skular, ein i Langedal og ein i Eikefjord.

Eikefjord skule 1962Eikefjord sentralskule 1962. Widerøe/nb.no

3 mai 1956 vedtok Eikefjord heradstyre, med 10 mot 2 røyster, å skipe ein sentralskule for folke- og framhaldsskulen i kommunen.

21 september 1956 sak 147: Vedtak i kommunestyret: ”Formannskapet får løyve til å kjøpe minst 5 mål jord hos Martin Eikefjord, til tomt til sentralskulen.”

Skulestyret vendte seg til byingeniøren i Florø for å få kostnadsoverslag med full utbygging av tomten til ny skule. 1. august behandla dei overslaga frå byingeniøren.
Alternativet på Hopen sin eigedom kom på 126 025 kr og alternativet på Martin Eikefjord sin eigedom kom på 62 450. Han hadde rekna med opparbeiding av leikeplass, vassleidning, kloakk, gjerde og veg.

Fylkeslandbruksstyret gjekk i møte 28. november 1956 mot at heradet skulle få kjøpe tomt hos Martin Eikefjord. Saka vart anka til Landbruksdepartementet og departementet gav Eikefjord herad medhald på grunn av den høge prisen på utbygging på Hopen sin eigedom.

I 1958 blir teikningane og kostnadsoverslag til sentralskulen frå arkitekt Halvorsen godkjent i skulestyret. Prisen vart berekna til 1,1 mill. kroner.

Eikefjord skule teikning

Den 31. januar 1959 vart det opplyst i skulestyret at Staten hadde gitt tilskot til bygging av den nye sentralskulen i Eikefjord.

25 juni 1960 var det krinsmøte i Eikefjord der alle krinsane var innkalla. Krinsane vart slått saman til ein når sentralskulen i Eikefjord var ferdig.

På same møte gjekk Eikefjord med på at Svardal skule krets i Bru kunne slåast saman med Eikefjord når sentralskulen vart ferdig.

På trass av mange vanskar, var bygget såpass ferdig i 1961 at framhaldskulen kunne vere der vinteren 1961/62.

Elevane ved Eikefjord gamle skule blei flytta over til Sentralskulen frå vinteren -62. Frå dei andre krinsane kom elevane ved skulestart hausten 1962. Innskriving i første klasse var måndag 20. august.

Skuledirektøren meinte at det burde konstituerast styrar ved Eikefjord skule. Han rådde til at skuleinspektøren fekk stillinga. Skuleinspektøren ville ikkje ha stillinga grunna helsemessige årsaker. Lærar Svarthumle vart foreslått, men han kunne ikkje ta imot så lenge han var ordførar i Eikeford. Lærar Åmot vart så konstituert som styrar ved Eikefjord skule.

Skuledirektør Hallgeir Furnes fortok vigslinga den 29. juli 1963, ein fin måndag. Solveig Øren husker best at ein av karane frå bygda sovna under talen, då han blei vekt meinte han at han sikkert ikkje hadde gått glipp av så mykje.

Dei første elevane på sentralskulen
Som nemnt var framhaldskulen 61/62 med lærar Laila Steindal den første klassen som gjekk på Eikefjord sentralskule.

Skuleåret 62/63 kom resten av elevane på bygdaskulane til sentralskulen. Elevar frå Svardal i Bru kommune og elevar frå Steindal i Vevring kommune vart også flytta til den nye sentralskulen etter avtale mellom kommunane.

(Grunna personvern er ikkje protokollar frå dei forskjellige klassane tatt med i WEB utgava av skulehistoria. Protokollane er gengitt i heftet om skulane)
1 klasse Eikefjord sentralskule. Lærar Albert Leirvik
2 klasse Eikefjord sentralskule. Lærar Magnhild Løkkebø
6 klasse Eikefjord sentralskule. Lærar Albert Leirvik


Ombyggingar.
Ved fleire høve har skulen blitt bygd om. Nokre av ombyggingane var:
Vestibylen der elevane i første tida stilte opp for å gå i samla tropp til klasseromma blei bygd om til klasserom. Arkitekt Olav Hovland teikna dette i 1986. Samtidig teikna han letak og leveggar utanfor inngangen.
To klasserom ved sida av lærarrommet blei bygt om til kontor for lærarane og administrasjonen.
Sløydsalen blei bygd om for å være meir egna til formingsfaget.
Biblioteket over garderobane blei bygd om for å brukast til spesial-undervisning etter teikningar frå 1992. Her var det aktivitetsrom, treningsrom, WC og to mindre rom.
Friidrettens Styrkerom fekk løyve til å grave ut ein blindkjellar og innreie styrkerom under toaletta og inngangen bak skulen.
Uteplassen har også blitt endra. Ovanfor skulen blei det opparbeidd volleyballbane og montert leikeutstyr. Deler av fotballbana blei asfaltert og det blei sett opp basketballmål. I enden av småskulen blei det sett opp klatrevegg.

Det har i alle år vore rasfare bak skulen. Ved inspeksjon i 2011 blei det påpeika rasfare som var for stor for sikkerheten på skulen. Vegen opp til skulen blei lagt sør om Håbursteinen og det blei laga ein steinvoll bak skulen for å sikre mot steinsprang. Fjellet bak skulen blei også sikra ved bolting. Bergknausen nedanfor rasvollen og gamlevegen er også rasfarleg. Dette området skal ikkje brukast av elevane.

Ungdomsskule

29 november 1965 var det innkalla til krinsmøte i Eikefjord om innføring av 9 årig skule. 24 røysta for - ingen imot. Møtet gjekk inn for 6 + 3 skulemønster og på vilkår av at 7. skuleår for Eikefjord sitt vedkommande vart ved Eikefjord skule.

24 mai 1966 vart det igjen halde krinsmøte i Eikefjord. På møtet blei det trekt fram dei lange avstandane frå Ramsdal, Løkkebø og Steindal til Havreneset i Florø. Dette gir køyring i 3 timar dagleg for elevar ved ungdomsskulen i Florø og mange ville bli bilsjuke.


Skulen i Eikefjord hadde på den tid 7 ordinære skulerom, romsleg gymnastikksal med garderobe, godt utstyrt kjøkken, naturfagrom, handarbeidsrom, stor sløydsal og bibliotek med lesesal.
Kretsmøtet bad om at Eikefjord må få eigen ungdomsskule, eventuelt få det 7. og 8. skuleåret ved skulen.

Saka om eigen ungdomsskule i Eikefjord passerte bystyret 24. mars 1972. Det vart gjort vedtak om at Eikefjord skulle få 8. klasse frå 1972 / 73 og 9. klasse frå 1973 / 1974. Våren 1974 vart første ungdomsskuleklassen utskriven frå Eikefjord skule.

Eikefjord skule klassebildeAndre klasse Eikefjord skule 66/67
Ståande frå venstre: Arnold Leversund, Arild Hopen, Odd Sølve Løkkebø, Kurt Arne Tonheim, Kjell Tonheim, Leif Rune Holsen, Olav Jan Løkkebø.
Sittande Lars-Erik Nesset frå Langevåg, Audun Ramsdal, Astrid Sunnarvik, Irene Louise Berre Svarthumle, Irene Sunnarvik
og Odd Asle Endestad.
Kjell Svardal og Lars Terje Standal kom også til frå Steinhovden skule og gjekk ungdomsskule i Eikefjord.

Klassen var første klassen som gjekk ungdomsskulen i Eikefjord skuleåret 72/73. Klassestyrar var Brynjar Svardal.


Paviljong
Det vart bygt ein ny klasseromsfløy med 3 klasserom, grupperom og toalett etter teikningar frå Olav Hovland i 1984. Bygget var ferdig våren 1985, og har sidan tent som klasserom for småskulen.
Seinare vart bygget utvida med to klasserom og arbeidsplassar for lærarane etter teikningar av Lynn Steindal frå 1996.

Under bygging av nyeskulen måtte paviljongen rivast for å få plass til nybygget. For å ha nok klasserom vart det sett opp ein brakkerigg på skuleplassen med to klasserom og kontor. Dette er den første bygningen som blir tatt vekk før skulen blir reven for å gi plass til fleirbrukshallen.

Eikefjrd skule 2008Eikefjord skule 2008.

Skulen og bygda
Skulen har alltid vore eit møtepunkt i bygda også utanfor skuletid. Her har det blitt halde forskjellige kurs, songkor og skulemusikken har øvd her, og idrettslaget har hatt treningar på kveldstid i gymnastikksalen.

Eikefjord skule 17mai gammaltEikefjord skulemusikk 1971. Bilde utlånt av Einar Øren

17 mai har skulen vore sentral som møteplass for barnetoget og om ettermiddagen for leikar og taler.


Eikefjord skule talefordagenTale for barna ved elevar i 8. klasse. Frå venstre Thea Louise Esp, Solveig Knapstad og Lone Karlsen Leversund.

Eikefjord skule 17mai

17 mai 2014 var siste gang sentralskulen blei brukt til 17. mai feiring. Flaggborg og skulemusikken først, barnehagen og skuleklassane stiller opp under sine faner bakover i toget.


Utviding av skulen
Eikefjord skule var i mange år for liten. Det var for få undervisningsrom og arbeidsplassane for lærarane var svært mangelfulle. Innemiljøet var også langt under dei standardar ein kan forvente i eit offentleg bygg.
Etter mange år med tautrekking i Flora bystyre bestemte bystyret at skulen i Eikefjord skulle utbetrast. Bystyret gjekk inn for utbetring av sentralskulen og eit tilbygg på vestsida.
Kvar gang bystyret hadde saka om Eikefjord skule opp til vurdering, aukte prisen med fleire millionar. Bystyret godtok 118 mill., men då anboda kom med prisar rundt 140 millionar vart det full stopp i rehabiliteringsplanane.

Ny skule
Det vart så lyst ut nytt anbod der tilbydar skulle gje pris på eit totalprosjekt. Flora bystyre vedtok tirsdag 16. desember 2014 å gi Skanska Florø oppdraget med å bygge nye Eikefjord skule. I tilbodet var det heilt ny skule inkludert ein gymnastikksal til 85 millionar. Som opsjon var det også gitt tilbod på ein fleirbrukshall. Ekstrapris for denne hallen var 23 millionar, der kommunen måtte ta 10 millionar.

Bygda ønskte fleirbrukshall, og på ein månad samla Grendalaget inn 7 millionar som dei gav som gåve til Flora kommune. Med denne gåva gjekk ny skule og fleirbrukshall gjennom bystyret 17. mars 2015. Seinare tok Grendalaget opp lån så fleirbrukshallen blei vedtatt utvida med scene.

Fram til opninga av fleirbrukshallen vil skulen mangle gymnastikksal og garderobar, men hallen er venta å opne i november 2016.

Ny skule blei tatt i bruk 4.april 2016.

 Eikefjord nye skule

Kilde: Frå fundas i 1743 via bygdeskular og sentralskule, til ny Eikefjord skule i 2016. Odd Asle Endestad 2016.

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd