Sundefjellet01Florø-Førde var på vegplan i 1918 og arbeid tok for alvor til i 1922-23. I 1944 var vegen Eikefjord – Florø ferdig. Våren 1945 kunne ein køyra mellom Florø og Førde på rv 585. Delar av vegen var nokså dårleg spesielt frå Eikefjord og oppover dalen. Her var den gamle bygdavegen i bruk på delar av strekninga. Endeleg ferdiggjering og offisiell opning skjedde først i 1952.
Myje av terrenget var vanskeleg, særs i Sundefjellet. Her var det også Alf Grovanes og Hjalmar Holen mista livet i arbeidsulykke.


RASFARE I SUNDEFJELLET
Alt i 1952 byrjar avisene å skrive om det rasfarlege Sundefjellet. Ingen bilar var treft og avisa konkluderte med at det var dei forbipasserande bilane som fekk steinane til å rase.


I 1953 gjekk det eit jordras. Passasjerar på bussen måtte gå over raset og fortsette reisa på ny buss på den andre sida av raset.
Oppsynsmann Lien kunne opplyse at raset hadde tatt store delar av vegen, berre ei hylle heilt inn med fjellet stod igjen. Dette vart reparert provisorisk så trafikken kunne stettast på igjen. Endeleg reperasjon måtte vente til våren.


I snørike vintrar kan vi lese om stengingar av Sundefjellet på grunn av snøras. Ofte så store snømengder at brøytebilane hadde problem med å opne vegen at.


Det har vore ei dødsulykke med bil i Sundefjellet. I september 1966 hamna ein bil utfor vegen og føraren, Svein Horgen frå Austevoll, vart med ut i fjorden. Passasjeren var heldig, ho vart slengt ut av bilen i ulykka og hamna i ei einebuske. Ulykka hadde ikkje direkte samanheng med ras.


Ei anna alvorleg ulykke skjedde i 1968. Ein buss frå Førde fekk ras utover seg og ein større stein gjekk gjennom taket bak i bussen. Til alt hell sat det ingen passasjer der.


I januar 1970 fekk lensmann Monsen ras over bilen sin. Lensmann Monsen og fylkesordførar Leif Iversen måtte overnatte i ein brøytebil på staden. Andre overnatta i bilane sine.


Det var svært ofte skrive om ras i Sundefjellet og i januar 1981 sende vegkontoret i Førde ut folk for å reinske opp i fjellsida.


I mai 1981 hamna eit ras på taket av ein lastebil. Det vart slått mange hol i lastebilen den eine i taket rett over føraren. Også ein personbil hamna i raset og fekk skadar i karosseriet.


Grunnen til raset var i følge forståsegpåarar den høge temperaturen. Andre tider er det kulde om natta og varme om dagen. Det verste var mykje nedbør. Aksjonskomiteen lurte på i kva veirtype det var sikkert å køyre gjennom Sundefjellet. Kanskje det var like farleg kvar dag.


Sundefjellet02

I byrjinga av september 1981 gjekk det eit stort ras i Sundefjellet. Ein antok at det dreia seg om eit par hundre tonn stein som sperra heile vegen. Raset gjekk i eit ofseleg regnveir. Trafikken blei sett på etter opprydding, men vegstellet kunne ikkje garantere at det ikkje ville komme meir.


Drosjeeigar Werner Stubhug for forbi rasstaden om natta. Då var det berre ei stor blokk i vegen. Etter å ha rydda vekk småstein kom han seg akkurat forbi. Han varsla om raset til lensmannen. Når vakthavande kom inn til rasstaden hadde det gått eit mykje større ras.

Komiteen kravde at det blei sett opp båtrute inntil fjellet var granska av ekspertar.

Sundefjellet03

I desember 1981 var det igjen ei ulykke som heldt på å gå skikkeleg gale. Ei stor steinblokk kom ned rett framfor ein bil og tok bilen med seg over i motgåande køyrefelt. Bilen stoppa med eine framhjulet hengande utanfor støypekanten. Med litt større fart her ville bilen havna i fjorden.

Sundefjellet04

Neste alvorlege ulykke skjedde i februar 1982. Ein lastebil fekk ras utover seg og steinane slo fleire hol i taket. Den eine steinen stod gjennom taket rett over hovudet til sjåføren.

GEOLOGISKE UNDERSØKINGAR
I juni 1962 var ein geolog på staden og såg på forholda. Konklusjonen var at det ikkje såg bra ut.


I forbindelse med dødsulykka i Helgåsberget i februar 1982 var vegstellet sine folk saman med geolog Olav Gjeglem i helikopter over ulykkesstaden. Helikopteret tok også turen ut om Sundefjellet og her var konklusjonen at det ikkje var overhengande rasfare så vidt dei kunne sjå.


Helga etter raporterte ein bilførar at det låg 10-15 kilos steinar i vegen.
Jan Hovland skriv i ein kommentar i Firdaposten at vegkontoret hadde drite seg ut, så vidt han kunne sjå.


Geolog Eystein Grimstad i Vegdirektoratet, vedlikeholdsjef Magne Strand ved Sogn og Fjordane vegkontor og vedlikeholdsjef for vegane i Sunnfjord, Arvid Brennset var på synfaring i Sundefjellet i slutten av mars 1982.
Grimstad var på inspeksjon for 20 år sidan og fjellet hadde ikkje forandra seg. Store blokker oppe i fjellet kunne ikkje gjerast noko med og ingen kunne vite kor tid desse blokkene rasa ut. Dei kunne henge i tusen år, men litt ville ramle ut med visse mellomrom.


SIKRING AV SUNDEFJELLET
I 1975 slutta Flora formannskap seg til ei oppmoding at riksvegen gjennom Sundefjellet måtte leggast om og sikrast.


Flora samferdslenemnd gjekk endå vidare. Dei ville ha to felts veg Florø – Førde med tunell under Ramsdalsheia. Her er også tunell i Sundefjellet nemnt.


I 1977 stør Flora Arbeidarparti framlegget til Flora samferdslenemd.


Stortinget sin samferdselskommite var på besøk i Florø i september 1980. Flora kommune inviterte til flytur for å vise sine vegkrav. Turen gjekk over Sundefjellet, Norddalsfjorden og på nordsida av Brandsøyåsen.

KRAV OM TUNELL
Komiteen for omlegging av Sundefjellsvegen vart stifta i Eikefjord 10/3-1981. Komiteen jobba for framskunding av dette veganlegget.


Bakgrunnen for arbeidet var:
På folkemøte i Florø sa dåværande statsminister Bratteli at vegen Florø-Førde skulle stå ferdig opprusta til sentralsjukehuset stod ferdig. Det skjedde ikkje.

På grunnlag av synfaring er det utarbeidd tunellforslag. Under synnfaring vart det klart at andre alternativ ikkje var tilrådelg. Vegkontoret sitt arbeid med «ny linje» er berre uthaling av tida.

80% av vegmidlane i Sogn og Fjordane gjekk til Sogn. Dette medførte tvangsflytting av arbeidskraft frå Sunnfjord.

Trafikken auka jamnt og venta stor auke når oljebasen i Florø kom i gang.

Vinteren 80-81 var det svært mange ras og isgang. Folk kvidde seg for å køyre gjennom Sundefjellet.

Komiteen ville arbeide fram til arbeidet med tunellen var i gang. Forskjellige aksjonsformer ville bli vurderte, men først ville ein oppmode om at spørsmålet måtte takast opp i lag og organisasjonar.


Aksjonskomiteen var opptekne av at sivil ulydigheit ikkje var eit prioritert middel frå deira side. Det hadde og litt med at dei ønskte å stå fram som ei seriøs gruppe som ville trenge hjelp frå personar og organisasjonar som ikkje var tilhengarar av bruk av slike middel. Aksjonskomiteen gjekk likevel høgt på bana med trugsmål om å melde vegsjef Wern for teneste forsøming.


Medlemmane i komiteen var:
Magne Sandvik, Ola J Endestad, Jan Hovland, Jan Magne Endestad, Audun Solheim, Dagfinn Reiarkvam og Oddbjørn Svarthumle.

Sundefjellet05

Striden med vegkontoret byrja med ein gong. Komiteen fekk nei til sitt krav om oppstart av vegprosjektet i 1982. Plansjef Sundby meinte at tidlegaste oppstart var i 1984.


Arbeidstilsynet vart også forespurt om vegen i Sundefjellet. Om dei fekk spørsmål ville dei gå til fagfolk og eventuelt stenge vegen. På riksvegar hadde dei ikkje gjordt det før, men mange gardsvegar var stengt for mjølkebilar fordi vegen var farleg for sjåførane.


Klubben ved Ankerløkken uttalte seg også om saka då mange av arbeidarane pendla gjennom Sundefjellet dagleg. Dei bad om oppstart av anlegget så snart som muleg.


Flora bystyre støtta også vegkomiteen. Bystyret bad formannskapet og administrasjon følgje opp saka ovafor sentrale myndigheter og fylket.


I slutten av april 1981 var vegkontoret på synfaring på nordsida av Sundefjellet i det som vart kalla Solvangplanen. Aksjonskomiteen var også med i saman med Kolbjørn Løken som kjentmann.


Konklusjonen var at her måtte det byggast minst to kilometer ny veg og i tillegg tunell. Prosjektet på nordsida ville bli dyrare enn tunellen som var planlagd.


Stortingsmann Lars Lefdal skreiv til aksjonskomiteen at han trudde det mest realistiske var å få pengar til prosjektet i 1983. Han meinte komiteen måtte jobbe for at det var utarbeidd planar og få tunellen inn på dette budsjettet.


Aksjonskomiteen sette i gang eit underskriftsaksjon for tunell gjennom Sundefjellet. I slutten av mai 1981 hadde nær 3000 personar skrive seg på lista.


Vegsjefen gjentok at oppstart av Sundefjellstunellen vil bli i slutten av 1984. Dette på grunn av at det ikkje er sett av nok penger i første periode. For å få kontinuerleg drift må ein byrje i slutten av perioden for å nå tak i pengene frå neste periode.


Aksjonskomiteen påstod at det fantest penger. Dei vil utsette oppgradering av tunellen på Ramsdalsheia og heller bruke pengane i det rasfarlege Sundefjellet.


Flora formannskap slutta seg til planen om å utsette Ramsdalsheia og overføre pengane til Sundefjellet.


Etter det store raset i Sundefjellet støtta formanskapa i Førde og Naustdal Flora sitt initiativ for å sikre Sundefjellet med tunell. Dei hadde heller ikkje noko å merke til at det blei omprioritert mellom Naustdal-Storebru til fordel for Sundefjellet.


Sundefjellet06

I mars 1982 vart det arrangert demonstrasjonstog i Florø etter initiativ frå elevane ved Flora videregåande skule. Fleire tusen var med i toget og plakatane talte sitt klare språk. Administrasjonen i Flora fekk fri for å gå i demonstrasjonstoget og «alle» butikkane var stengt då dei ansatte gjekk i toget.


Vi er glade i våre klassekammeratar, vi er glade i våre arbeidskolegar, Så støtt opp om Sundefjells-aksjonen! sa Ann Helen Ask i appellen til dei frammøtte. Kven skal ofrast? Er det ein heil generasjon frå Eikefjorden som kjem med skulebussen? Er det bussjåførar som må trafikkere denne strekninga?


Også i Eikefjord gjekk elevane ved Eikefjord skule i demonstrasjonstog.

Statsråd Inger Koppernæs kunne ikkje gje tilsagn om ekstra-midlar til sikring av Sundefjellet etter spørsmål frå Kjellbjørg Lunde i spørjetimen i Stortinget den 10/3-1982. Statsråden viste til Samferdslenemda sin uttale om å komme i gang «snarast råd» og vegsjefen si utgreiing som forutsette tilrigging hasten 83 og tidlegast driving desember 83. Skulle arbeidet framskundast måtte Sogn og Fjordane omprisoritere midlane sine. Ekstraløyving kunne ein ikkje rekne med.


I april 1982 gjekk det rykter om at spådama Anna Elisabeth Westerlund hadde spådd at det skulle komme ras fredag 16. mai i Helgåsberget i Førdestranda. Ryktet sa at det også kunne gjelde Sundefjellet.
Seinare dementerte Anna Elisabeth Westerlund ryktene og sa at ho aldri hadde komme med ein slik spådom.


TUNELL
I 1978 starta vegstellet planarbeidet med tunell i Sundefjellet. Planarbeidet skulle fullførast slik at arbeidet kunne ta til i perioden 1978-81.

Sundefjellet07


I mai 79 var planarbeidet med tunell i Sundefjellet komme så langt at dei melde om plan og stikkingsarbeid på vegen.

Sundefjellstunellen er inne med bevilninger i vegplanane, men summen gjekk opp og ned og oppstart av anlegget vart ikkje planlagt.

Sundefjellet08


I slutten av 1979 får Flora kommune brev frå direktoratet at det ikkje var sett av pengar til Sundefjellstunellen i perioden fram til 1981. Sumen i prioden 1981-85 var sett til 9 millionar.

Planen for Sundefjellet blei lagt ut til offentleg gjennomsyn i oktober 1981.

Sundefjellet09

Mandag 21 februar 1983 starta arbeidet med forskjæringar til tunellen i Sundefjellet. Det var mykje ur i begge endar og dette måtte renskast før ein kunne arbeide trygt på staden.

Oppsynsmann Ola J. Endestad stoppa arbeidet på den vestlege forskjæringa fordi det var for mykje laus stein oppe i fjellsida. Det vart for farlig for arbeidarane å arbeide på den staden.
I samråd med ingeniørar frå vegstellet vart innslaget i tunellen flytta 80 meter lengre vest.


I august vart det stopp i arbeidet grunna mannskapsmangel.


I januar 1984 bad Vegdirektoratet vegsjefen i Sogn og Fjordane vurdere om tunellen i Sundefjellet kunne settast ut på anbod.


Det kom mange reaksjonar på dette utspelet. Småentrepenørar ville tape på det og oppstart ville bli utsett.


I februar arbeida vegkontoret med anbudspapirene og når fristen for anbud gjekk ut var det komme inn fem anbud.

Astrup & Aubert hadde lågaste tilbod på i underkant av 18 mill kroner, men vart vraka på grunn av atterhald. Dermed vart det Furuholmen som fekk oppdraget. Planen var ferdig tunell til 1. mai 1986.

TUNELL

Sundefjellet10

Furuholmen var klar til å ta til arbeidet ganske fort og måndag 10.9.84 går første salva på vestsida. Planen var å drive vekselvis frå endane med fire salver kvar dag. Gjenomslag var planlagt i april 1985.


30 mai kunne tunelldrivarane juble for gjennomslag og planane for vidare framdrift vart justert med opning i oktober 1985, åtte månader før planen.


Fredag 15 november vart Sundefjellstunellen opna. Høgtidleg snorklipping av vegsjef Rasmus Værn med ordførar Hjertenes og tre frå aksjonskomiteen - Audun Solheim, Jan Magne Endestad og Oddbjørn Svarthumle, ved sin side. Dei fem måtte også rydde eit lite «steinras» ut av vegen før den kunne takast i bruk.

Sundefjellet11

Som takk for godt arbeid klipte Værn av sju bitar av snora – ein til kvar av medlemmane i aksjonskomiteen. Uoffisielt sa Værn at han prøvde å stoppe komiteen, men dei viste alt for mykje om stoda til vegvesenet rundt om i fylket. Oppsynsmann i vegvesenet og medlem i komiteen, Ola J Endestad, hadde lang fartstid og mange kjenningar i vegvesenet. Han hadde full oversikt og kunne mate dei andre i komiteen med opplysningar når vegetaten kom med sine argument.

Vegen – status 2022
Vegen gjennom Sundefjellet er stengd for trafikk. Det er sett opp bommar i kvar ende så køyretøy ikkje kjem forbi.


Det er muleg å spasere gjennom nesten heile vegstykket, men på inste enden har det gått eit stort ras som sperrer heile vegen.


Ein spasertur gjennom Sundefjellet får fram dei same følelsane som dei som brukte vegen til dagleg før i tida. Kjem det eit steinras akkurat no eg går forbi. Alle mindre og større steinar langs vegen viser at det går ras no og då.

Sundefjellet12

Her er den sunde tunellen sett mot vest. Deler av overbygget står endå og vassdråpar lagar eit fint slør i inste enden av tunellen.

Sundefjellet13

Eit lite stykke innanfor den sunde tunellen er delar av vegen rasa ut. Omtrent halve vegen ligg igjen så det er ikkje vanskeleg å gå forbi.

Sundefjellet14

Ras i austre enden av Sundefjells-vegen.

Sundefjellet15

Dette er på same plass som det tidlegare har gått store ras.

Ser ein utom støypekanten ser ein det flotte arbiedet som vegarbeidarane gjorde.

Arbeidet vart stort sett gjordt med spett og stubbebrytar.

Ser vi på foten av muren ser vi dei utfordringane arbeidarane hadde i det bratte terrenget.

Sundefjellet17Sundefjellet16

Skal ein gå tur i Sundefjellet må ein parkere vest om tunellen og gå innover. Husk at du går på eige ansvar.

Kilde: Firdaposten.no, Ola J Endestad sitt arkiv, Oddbjørn Svarthumle

Bilder: Firdaposten.no (Svart/kvitt frå aviser), Odd Asle Endestad (farge)

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd