Det norske næringsliv
Sogn og Fjordane Fylkesleksikon
Redaktør: Johs. Sætherskar. Utgitt 1953.
Orginaltekst finn du her

Eikefjord herad

Eikefjord 0003Eikefjord har vore eige herad frå 1923. Heradet ligg aust av Florø. Frå Florø til senteret i kommunen er ca. 26 km. Noko av heradet ligg på begge sider av Eikefjorden, ein fjord som går austetter inn frå Florø. Resten av heradet er tre dalføre som strekkjer seg frå fjorden søraust og aust-etter. Lengste dalføret er om lag 15 km langt.

Granneherada er Bru, Vevring, Naustdal og Gloppen. Storleiken er 168,2 km2, og folketalet i 1946 1015 menneske. Heradet er grisgrendt og gardane små. Fjell og skogåsar med vatn inni mellom tek opp mesteparten av plassen. Likevel har jordbruket alltid vore hovudnæringa i kommunen, og innan jordbruket har mjølk- og kjøtproduksjon hatt fremste plassen. Mjølka går til Sunnfjord meieri, Florø. Storparten av den opne åkeren vert nytta til potetdyrking, og ein mindre del til korn.

Etter dei siste oppgåvene frå jordbruksteljinga 1949 har heradet 328 da. Open åker og hage, 2587 da. Dyrka eng, 2012 da natureng. Dei siste 15 åra har det vorte nydyrka 730 da. Til dette kjem 325 da overflatedyrka sidan 1942.

Ove og Lilian i Eiekfjord 0002Heradet har ei skogvidd på 21028 da. Av dette er 14018 da barskog og 7010 a lauvskog – mest bjørk. Interessa for skogplantinga har auka, men av di utmarka for det meste har vore sameige – med sambeite - har dette vore til hinder for skogplantinga. Interessa for å få jorda utskifta har vakna, og i alt er 6 utskiftingar oppteke eller ferdige. Nokre plantefelt er opptekne, og skuleborn set ut nokre tusen plantar for året. Største delen av heradet har gode fjellbeite, men mangelen på arbeidshjelp gjer at fleire og fleire går over til kulturbeite, og seterdrifta – som før var ålmenn – har gått mykje tilbake. I heradet er det i alt 188 skyldsette bruk med samla skyldmark 207,14. Dyretalet på bruka etter siste oppgåvene som ligg føre er: Storfe 726, hestar 109, sauer 886, griser 244, høns 693, og geiter 101. Pelsdyrtalet var nokre år høgt, men er no redusert til mest null.

Dei fleste bruk har skog til eige bruk, og mange har litt skog til sal. Skogbruket har etter jordbruket vore viktigaste næringa i kommunen, og ei god attåtnæring til jordbruket. Fura har no i mange pr vorte nytta til tønnestav, og bjørka går til famneved. For gardsbruka som ligg ved fjorden har heimefisket vore ei kjærkome attåtnæring. Av notbruk som tek del i stor- og vårsilde-fisket har kommunen for tida berre eitt. Av industrielle verksemder har kommunen fire tønnefabrikkar og nokre mindre verkstader. Eit høvleri, ein trevarefabrikk og nokre snikkarverkstadar, ein skomakarverkstad og eit mindre båtbyggjeri og fleire små sagbruk.

I kommunen er det fire handelsmenn og eitt bakeri.

Eikefjord er eige kyrkjesokn, men har prestar saman med Kinn, bru og Florø. Likeins er det når det gjeld andre embetsmenn og – som lensmann og distriktslækjar. (Sjå Offentleg/Kyrkja)

Heradet er delt i sju skulekretsar med sju lærarar. Dei to siste åra har heradet hatt eigen framhaldskule på 24 veker, og saman med bru kommune har heradet hatt ein 24 vekers snikkarskule i ei heil årrekkje, Ved folkeskulane er det skuleboksamling. Og ei folkeboksamling for heile kommunen. I heradet er dei og fire telefonstasjonar, eitt postopneri og to landpostruter. (Sjå Offentleg/Skulen)

Lenge var Eikefjord eit avstengd herad. Fjella stengde i aust, sør og nord. Fjorden vestetter til Florø med tre båtruter for veka var einaste sambandet med omverda. Dette har forandre seg mykje no. I 1845 vart riksvegen Florø - Førde opna for trafikk. Av denne vegen ligg 23 km innan Eikefjord og gjev god utløysing for trafikken både innan kommunen og utover – med daglege bussruter både til Florø og Førde. Med opninga av denne vegen fekk kommunen tilknyting til riksvegnettet. Firda Billag – som kommunen har aksjar i – har rutekøyring innan kommunen. Dessutan har kommunen fem lastebilar og fire drosjer. Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane har båttrafikken. Av vegar elles er det god bygdeveg frå Eikefjord til Vasset, fem km, og frå Storebru til Løkkebø, seks kr. Om nokre pr vil denne vegen verte bygd til Hyen i Gloppen, og vegen Eikefjord - Vasset bli bygd til Svardal i Bru. (Sjå Samferdsel/Vegane våre)

Heradet er aksjeeigar i L/L Firdakraft som er i gang med utbygging av kraftstasjon i Økneelvarne i Davik herad. Denne stasjonen er rekna med er ferdig i 1954, og til den tid er heradet heilt utan elektrisk kraft, noko som har vore mykje til hinder for industrireisinga innan kommunen og elles verka hemmande på utviklinga.

Kommunebudsjettet for 1949/50 er brutto kr 442 347 og netto kr 133 254. For same år er skatteprosenten 18,5 på inntekta og fire promille på formue med skattetabell II.

For 1949/50 var formuen kr 1 688 200 og inntekta kr 1 107 450. Skatt på inntekta for same året kr 141 950 og gjennomsnitt kr 6752.

Den høge skatteprosenten og dårlege reduksjonstabell viser ar den økonomiske stoda i kommunen ikkje har vore bra. Men endå har då likevel kommunen fram gjennom åra løyst ein del oppgåver til nytte for folket, og andre står framfor si løysing. Eg trur eg torer seia at Eikefjord herad er eit herad i vokster. Folket syner arbeidsiver og pågangsmot, og dette gjer oss lov til å tru at veksten vil vare ved, og at vi kan ha håp om ei rik utvikling i framtida.

Kilde: nb.no

Opphavsverna © Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling: Inova Light Ltd