Ann Solei Blomster

Ann Solei Blomster blei starta i 1983 i lokala i kjellaren hos Arnljot Langedal.

Hovudaktiviteten var blomster, oppsatsar og kransar i alle variantar. Dei leverte til alt frå barnedåp, konfirmasjonar, bryllaup og begavelsar. Fleste kundane var frå Eikefjord, men Ann Solei blomster leverte også mykje til Svelgen. Bedriftskundar var også viktig med Brødrene Aa som ein viktig kunde så lenge dei bygde båtar på Nesjane.

 Ann Solei Blomster selde også gåveartiklar og småmøblar.

I 1996 flytta Ann Solei Blomster til lokala hos Eikefjord Elektro.

Solbjørg Tonheim, Leif Raasok og Anne Berit Kvalvik la ned Ann Solei Blomster 25 april 2008 etter 25 års drift.

 AnnSolei01

AnnSolei02

 Eikefjord Blomster

Anja S Kvannen starta Eikefjord Blomster i same lokale, men gjekk konkurs i 2010.

 

In-Spire

I 2010 starta Grethe Agledal, Nina Liseth og Tina Agledal ny blomsterbutikk med navnet In-Spire.

 

 Blomster
Firdaposten 10 juli 2010

Eikefjord Sport opna dørene 1 mars 1980.

Dei selde sportsutstyr direkte til idrettslag rundt om i Sogn og Fjordane i tillegg til sal over disk på butikken i gamle Langedalsbutikken.

Det var brødrene Kjell, Asbjørn og Tore Agledal saman med Jan Magne Langedal som stod bak butikken.

 Eikefjord_sport01.jpgEikefjord sport02

Firda Folkeblad 5. mars 1981

 Eikefjord Sport opna også filial i Strandgata i Florø  Efjsport01
Efjsport sluttsalg

Efjsport avvikling

Eikefjord Sport blei avvikla i 1983.

 Kilde: Firdaposten arkiv, nb.no, 

 Det har vore tre bakeri i Eikefjord. Sunnfjords eldste bakeri var på Sørbøen like vest om kyrkja. Bakeriet står der heilt intakt og kan startast opp etter avtale ned eigar. Bakeriet låg heilt inn til den gamle traseen vegen hadde i eldre tider.

 

Bakaromnen er vedfyrt og må nok ha nokre favner med ved før den er klar til steiking av bakarvarer.

Dette er no det eldste bevarte bakeriet på Vestlandet

 Bakeri Søørbø

Bilde nb.no

 

I 1938 starta Maren Svarthumle opp bakeri på Øyra i sentrum. Huset var det som mannen Henrik Svarthumle bygde. Han bygde først opp ein levegg langs elva så han slapp å sjå bort til naboen, L.Langedal som hadde slutta som butikkdreng hos han og starta eigen butikk.

Denne leveggen vart seinare utvida til eit hus, først hestestall, seinare bakeributikk og manufakturbutikk. Det var også ei tid utstillingslokale for Citroen bilar som Havn Auto selde.

Huset står ved sida av elva mellom vegen og bustadhuset til Hamn og er i 2022 rørleggarforetning.

I dei dagar var det konsesjon på bakeri og denne konsesjonen følgde bakeriet.

Olaf Havn fekk dermed konsesjonen i 1939 då han kjøpte bakeriet.

Bakar Garshol frå Ålesund leigde lokala og hadde utsal der.

Både bakar Garshol og kona fekk «tæring» og sjukdommen spreidde seg fort i Eikefjord. Mange familiar vart hard råka.

Gardshol dreiv bakeriet fram til 1941.

Bakar Reiakvam dreiv også ei stund i dette lokalet før han bygde nytt bakeri i eige hus.

Manufaktur

Bilde: nb.no

På bilde ser ein skorsteinen til den vedfyrte bakarovnen.

 

Kilde: Knut Sørbø, Vestlandske Bakeriforbund 50 år

 

 

Odd Reiakvam gjekk i bakarlære i Naustdal. Under krigen var han i Bulandet, men så opna det seg i Eikefjord og han flytte hit.

I 1946 kom bakar Reiakvam og overtok som bakar. Han leigde same lokale som Garshol.

Odd kom fort i kontakt med Magnhild Langedal, søster til Arnljot Langedal og dei
gifte seg i 1950.

Dei overtok den gamle tønnefabrikken og bygde først bakeri i kjellaren og fekk konsesjon på dette bakeriet.

Reiakvam01 

Bakaromnen vart sett opp av nokre danskar som var ekspertar på bakaromnar. Den var vedfyrt, dvs at ein fyrte med ved i same kammer som ein steikte brød. Når varmen var god nok sette dei inn bakevarene for steiking.
Seinare vart omnen bygd om til elektrisk oppvarming.

Same type omn vart også sett opp i bakeriet til bakar Myklebust i Florø

På slutten av 50-talet reiv han den gamle bygningen og sette opp eit stort hus med to leilegheiter på dei gamle murane.

Noko av materialane til huset fekk han hos Magnus Svarthumle som dreiv butikk på Storebru.

Materialane var betaling for brød og bakarvarer som var levert.

Reiarkvam Odd

Bakerbutikken02

Forutan bakarvarer var det på bakeriet ein kjøpte mjølk, smør og andre meierivarer.

Først leverte han mjølk i spann til kundane, seinare kom dei brune flaskene med aluminiumskork som kundane tok med seg i stålkorg.

Bakaren selde også kioskvarer, is og snop.

Reiakvam03

Bakerbutikken01

 Marit Akselsen leigde ei stund lokale hos bakaren og hadde frisørsalong der.

 

Sparebanken Flora-Bremanger leigde lokale frå 1964 til 79 hos Bakaren.

Når det var bankdag i Eikefjord tok funksjonæren med seg pengeskrin og andre nødvendige saker frå kontoret i Florø.

Til å begynne med var det ein kontordag i Eikefjord, seinare vart dette utvida etter behov.

Odd Reiakvam slutta som bakar i 1981

 Reiakvam04
Reiakvam05
Firda Folkeblad 3 des 1981

 

I 1983 starta Audun og Olaug Bareksten bakeriet på ny.

Med på leiga av bakeriet følgde også dei gode oppskriftene til mesterbakaren, Odd Reiakvam. Odd budde også i andre etasje og var god å ha når nyebakarane trengte råd og veiledning.

Bareksten innreia også ein liten kafekrok der ein kunne nyte kaffi og ferske bakervarer.

Ei dame med gamle mor på besøk ville sette seg ned og nyte ein kopp kaffi på bakeriet. Det meinte ho gamle mor ikkje var nødvendig for kaffi det hadde ho heime.

Den største konkurrenten til bakeriet var dei store bakarhusa og i 1990 la dei ned bakeriet.

Reiakvam06

Kilde: Firdaposten arkiv, nb.no, Dagfinn Reiakvam, Audun Barelsten

 

Anton Hovland selde først fisk frå kjellaren sin på Hovland. Han hadde lastebil for å hente fisk, men brukte den også til å køyre tønnestav.

I 1955 starta han fiskebutikk saman med Gunnar Havn og Erik Dreyer Hovland på yste Hovland. No vart det også bygt fiskebutikk / garasje og ny bil vart kjøpt inn.

Han kjøpte inn fisken i Florø. Denne fisken kom hovudsakleg frå Rognaldsvågen eller Måløy.

Anton hadde faste fiskeruter med fiskebilen rundt om i Sunnfjord.

Naustdal og opp gjennom dalen

Førde og Angedalen

Jølster, Stardalen

Hyen

Anton hadde ikkje sertifikat så han leigde inn sjåfør og det var fleire som køyrde for han. Sonen Magnar Hovand køyrde ei stund fiskeruta etter han var ferdig med militæret.

 

Anton gav seg med fiskehandelen seint på 60-talet. Han var då godt over 70 år.
Hovland01 

Kilde: Magnar Hovland, nb.no

Opphavsverna © 2021 Eikefjordsoga.no
All bruk av innhold kan skje med direkte link til vår hjemmeside.

Design og utvikling:
Inova Light Ltd